FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Nynorsk er bra!

 (04.03.2010)




God stemning både på Krossen, Hånes og Lovisenlund. Elevane fekk mange ulike boktitlar å velje mellom, og dei fleste fann raskt ei bok dei gjerne ville lese.


Mållaget i Kristiansand kjøpte i 2006 inn mange biletbøker som me ville låne ut til skular og barnehagar. Fleire har nytta seg av tilbodet.

5. trinn på Krossen var fyrst ute dette året med å tinge bøkene. I tillegg til biletbøker tok eg denne gongen også med nokre bøker utan illustrasjonar. Motivasjonen for å lese nynorsk var på topp, og "gulrota" var diplom etter 10 bøker.

På Hånes var det 7.trinn som skulle ha ein periode med nynorsk på timeplanen. Fleire likte biletbøkene, men det var også fleire som las bøker med berre tekst og tykte det gjekk heilt greitt.

Utover heile landskapet sat det etterkvart svært konsentrerte elevar og las.

På Lovisenlund skule var det fjerde gongen eg presenterte bøker for 5. trinn. Denne skulen har nynorskprosjekt på årsplanen, og elevane veit at dei skal lese nynorsk ein gong etter jul. Fleire hadde lese nynorskbøker frå før, og ei av jentene likte svært godt "Tonje Glimmerdal" av Maria Parr, Brageprisvinnar i 2009!

På alle tre skulane presenterte eg ca 10 - 12 av bøkene eg hadde med, slik at elevane fekk vite litt om bileta og innhaldet. Ei bok som vart svært populær på 7. trinn på Hånes var : "Eg var der". Boka er omsett frå tysk og handlar om vanlege tyske familiar før og under 2. verdskrig. Etter nynorskperioden var over, skreiv elevane bokomtalar, og fleire prøvde seg på å skrive nynorsk!



Det ser ut til at det fungerer bra med ei blanding av biletbøker og bøker med berre tekst. Det vert eit tilbod for alle. Positive lærarar, som ser verdien av at elevane får møte nynorsk litteratur, har alt å seie for at tiltaket vert vellukka!




Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS