FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Paal-Helge Haugen i Mållaget 16. mars

 (16.03.2010)

Tittelen på foredraget var "Johannes Skar og Gamalt or Sætesdal - mellom folkeminnesamling og romankunst" Det var ein lærerik og interessant kveld der forfattaren Paal-Helge Haugen heldt eit glitrande foredrag om kvifor han meinte Johannes Skar sitt verk Gamalt or Sætesdal meir kunne sjåast som romankunst enn ei samling av folkeminne.
Gamalt or Sætesdal kom ut i 8 band i tida 1903 - 1913.

Underleg at det måtte ein gudbrandsdøl til for å skildre folkelivet i Setesdal på 17-1800-talet! Johannes Skar var fødd i Øyer i Gudbrandsdalen i 1837, og han synte tidleg stor lesehug. Han fekk hjelp av presten til å gå på latinskulen på Lillehammer, og han tok seinare til med studie i Oslo. Men han fann seg ikkje til rette i byen og drog heim. Han hadde heile livet sterkt depressive periodar og tykte ikkje han var verd noko.
Eit omslag kom då Christopher Bruun flytte folkehøgskulen til Gausdal i 1871. Skar hadde slutta seg til både gruntvigianismen og folkehøgskuleidéen. Bruun fekk Skar til å skrive om Vis-Knut, ein mann med overnaturlege evne som levde i Gausdal. Skar tala mange gonger med han og la mykje arbeid i å få fram den munnlege tonen som var mellom dei når samtalane deira vart nedskrivne.

I 1873 kom Skar til Setesdal for fyrste gong for å leite etter meir heilslege variantar av Draumkvedet. Det var Landstad som meinte at her måtte finnast meir av dette diktet enn i Telemark, noko som ikkje var tilfelle. Men dalen og folket hadde fanga hugen hans, og han drog attende året etter. Han hadde då lært seg blekksmedfaget, og Paal-Helge Haugen trekte fram at det kanskje var for å få meir naturleg innpass i heimane. Medan han sat og reparerte, fekk han folk til å fortelje.

Setesdalen utover på 1800 talet var ein dal i sterk forandring. Det var ikkje berre Haugerørsla som førte til eit dramatisk kulturbrot, men også postvegen og dampbåten på Byglandsfjorden opna for omverda. Men Johannes Skar nytta seg ikkje av nokon skyss då han drog frå Kristiansand til Setesdalen. Han gjekk heile vegen. Han måtte vinne bygdefolkets tillit.

Skar fann sin eigen stil i det han skreiv, og forteljeformen i dalen påverka han. "Å seie ei meining med få ord, det er hegdi", vart det sagt. Han gjev oss konkrete bilete og utbroderer ikkje. Paal-Helge Haugen viste dette med eit døme frå Band I der Skar fortel om Lisle-Kjetill som omkom i eit snøras: "Kjetill (faren) trudde seg ikkje til å vere med å leite. Anne og han sette seg på fjostrevet. Der sat dei lenge". Med få ord og konkrete bilete får han fram sorga deira. Berre ein kunstnar kan få dette til! Han såg kor vanskeleg det var å fange opp det karakteristiske i eit miljø og la dette avspegle seg i skrifta. Han arbeidde mykje med tekstene og skreiv om igjen og om igjen. Han følgjde sin eigen intuisjon og begynte å skape figurar av det han hadde høyrt.

Det vart kritisert at Gamalt or Sætesdal ikkje var vitenskapleg nok. T.d. manglar kjeldetilvisingar, men Skar sa sjølv at vitenskapen hadde han ikkje tenkt på. Det var folk han brydde seg om!

Paal-Helge Haugen meiner verket er like friskt og sterkt 100 år seinare. Det kan lesast som eit skjønnlitterært uttrykk – noko han fekk tilhøyrarane i Mållaget med seg på. Mange gjekk nok heim etter denne kvelden for å finne fram Gamalt or Sætesdal og kanskje sjå på verket med nye auge!

Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS