FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Ein stor takk til Edvard Hoem

 (09.05.2010)


Laurdag 8. mai var det nynorsk salmekveld i Kristiansand Domkyrkje med Edvard Hoem, Henning Sommerro og Kirsten Bråten Berg. Konserten var i samband med 125-årsjubileet for Domkyrkja og kom i stand på grunn av samarbeid med Mållaget.


Fullsett kyrkje laurdagskvelden. Foto: Sigurd Haugsgjerd



Dette samarbeidet gjorde også at det vart skipa til gudsteneste med nynorsk liturgi og preike sundag 9. mai i domkyrkja. Fleire enn vanleg hadde funne vegen til kyrkja denne sundagen, og det var Edvard Hoem som heldt preika.

Laurdagskvelden: Allereie då dørene opna kl 18.00, kom dei fyrste tilhøyrarane, og talet steig etterkvart til ca 350. Det vert rekna som eit godt frammøte, og det var berre godord å høyre etter konserten.

Det var svært moro å bli ynskt velkomne på nynorsk av Emil Otto Syvertsen, ein ekte kristiansander!

Edvard Hoem tok føre seg korleis nokre av salmetekstene vart til og las litt sjølv. At samarbeidet med Henning Sommerro er svært godt, synte seg i den ledige og naturlege måten dei kommuniserte på. Det er Sommerro som har laga melodi til tekstene, og han spelte og song mange av desse.

Innimellom fekk vi høyre Kirsten Bråten Berg framføre vers av Hoem og religiøse folketonar og ein bånsull frå Setesdal. Hennar reine, klåre røyst var med og gav konserten eit ekstra lyft, og gjorde at det vart eit variert og flott program.

Sundagen: Etter ei nynorsk gudsteneste, som er "uvant kost" i Kristiansand domkyrkje, var det kyrkjekaffi i Mållagsstova. Dette synte seg å vere eit populært tiltak, og over 100 menneske var innom stova etterpå. Edvard Hoem nytta høvet til å snakke varmt om Bjørnson då kaffi og kake var fortært. Dette var eit flott innslag som mange sette pris på.

Kjetil Drangsholt, tidlegare kyrkjerådsleiar i Domkyrkja, heldt takketale til Mållaget og uttalte seg positivt om den nynorske liturgien. Bjug Åkre, tidlegare leiar i Mållaget i Kristiansand, tok han på ordet og bad om at det vert innført ei nynorsk gudsteneste i Domkyrkja i året! Drangsholt var ikkje negativ til det, og Mållaget vonar sjølvsagt dette vert ein tradisjon!


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS