FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Ny utlysing av journaliststipend

 (01.09.2010)

Søknadsfrist for hausthalvåret 2009 er 1. oktober

Mållaget i Kristiansand tilbyr stipend til journaliststudentar som ynskjer å nytte nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet. Stipendiaten får arbeide i miljøet til Nynorsk Pressekontor og NTB, og får god rettleiing der. Ho/han kan få kr 10 000,- per studieår i inntil tre år.
Nærare informasjon får du ved å ta kontakt med Mållaget v/
Øyvind Grov, tlf. 99 62 95 89 eller på e-post

Statuttar

§1. Føremål
Stipendet skal motivere og inspirere journaliststudentar til å bruke nynorsk i studiet og i seinare arbeidsliv.

§2. Kven kan få stipend?
Søkjarar frå Agder som ynskjer å bruke nynorsk i arbeidet sitt, har førerett. Dersom det ikkje er gode søkjarar frå Agder, kan stipendet delast ut til søkjarar frå andre delar av landet. For å få stipend, må ein ha fått og teke imot studieplass.
Studentar kan få inntil 10 000 kroner kvart studieår i inntil tre år. Dei fyrste 5.000 kronene får studenten ved stipendtildeling, resten ved slutten av studieåret dersom føresetnadene er oppfylde. Maksimalt kan kvar student få 30. 000 kroner.


§3 Stipendsøknad med grunngjeving.
Ein CV som mellom anna inneheld:
a.Attesterte kopiar av vitnemål frå tidlegare utdanning.
b.Attesterte kopiar av attestar frå arbeidslivet.
c.Kopiar av eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.


§4 Søknadsfrist
1. oktober.

§5. Jury
5.1 Styret i Mållaget i Kristiansand oppnemner jury på inntil 6 medlemer for 4 år om gongen. Halvparten av medlemene er på val annakvart år, fyrste gongen etter loddtrekking.

5.2 Samansetting av juryen:
- 2 representantar frå Mållaget i Kristiansand
- 1 representant frå Mediemållaget
- 1 til 2 representantar frå medieverksemder i Agderregionen
- 1 representant frå Nynorsk Pressekontor

§ 6 Om rettar og plikter i det faglege samarbeidet mellom stipendiat og samarbeidspartnarane.
a. Ein av stipendiatane får tilbod om å få arbeidsplass stilt til rådvelde i NPK-redaksjonen i NTB.
b. Den aktuelle stipendiaten vert innkalla til samtale i NPK før han/ho får plass der.
c. NPK/NTB tilbyr stipendiaten å nytte seg av heile det faglige miljøet i NPK/NTB som del av journaliststudiet.
d. NPK stiller ein ”fadder” til rådvelde som fagleg rettleiar for stipendiaten.
e. Stipendiaten deltek i arbeidet i NPK-redaksjonen etter nærare avtale.

§7 Rapportering frå mottakar av stipend
Seinast ein månad etter at studieåret er slutt, må det sendast rapport til Mållaget i Kristiansand om progresjonen i studiet inkludert eventuelle attesterte eksamensresultat. Dette er ein føresetnad for å få utbetalt dei siste 5.000 kronene av stipendet. Dersom studiet skal halda fram, kan det samstundes søkjast om å forlenga stipendperioden.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS