FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Gabriel Scotts Babels tårn i Mållaget 14. september 2010.

 (14.09.2010)

Fyrste lagsmøtet denne hausten var eit samarbeid mellom Gariel Scott Selskapet og Mållaget. Tilskipinga samla over 40 menneske og var både lærerik og underhaldande.

Ernst Håkon Jahr, professor i nordisk språkvitenskap ved UiA, gav oss eit godt innblikk i Babels tårn, ei dramatisering skrive av Gabriel Scott i 1910. Lisa Daland, musikkstudent ved UiA, var med frå byrjing til slutt, og ho imponerte med song, fløyte- og pianospel.

Lisa Daland opna møtet med ei nydeleg framføring på tverrfløyte av dei kjende folketonene Eg gjætteTulla og Blåmann, Blåmann. Etter allsongar der ho spela piano til, var forsamlinga i god stemning for å lytte til foredraget.

Ernst Håkon Jahr starta med å fortelje litt om Gabriel Scott og oppveksten. Faren var sjømannsprest i Skottland og han meinte sonen burde heite Martin Luther Jensen, noko kona protesterte på. Det måtte då bli eit englenamn, Gabriel! Scott vart mellomnamn sidan familien budde i Skottland, men etternamnet Jensen slutta han etterkvart å bruke.

Jahr peika på at Babels tårn faktisk er det einaste stykket i norsk litteratur som handlar om språkstriden i Noreg. Kanskje ikkje så rart, meiner Jahr, sidan det ikkje er lett å lage god dramatikk av folk som berre står og diskuterer. Det er difor interessant korleis Gabriel Scott framstellar det. Han laga stykket som ein komedie i tre akter, og for fyrste gong vart det på Nationalteateret snakka norsk språk. Ei storhending i seg sjølv! Stykket skapte stort engasjement og førte til det tredje teaterslaget. Det var pipekonsert frå både landsmåls- og riksmålsfolk, og framsyninga vart avbroten. Politi måtte tilkallast.

Me fekk vidare vite at det var Gabriel Scott som iscenesette stykket, og at han hadde med seg dei fremste skodespelarane på teateret. Dei mest ivrige riksmålsfolka spela målfolk og omvendt. Scott ser trulegvis føre seg Torvet i Kristiansand med statuen av Wergeland når han lager scenetilvisingar. Her finn me Målmannalaget med rosemåling og Riksmålsforbundets bygning i empirestil.

Jahr var kort innom tilhøva i Noreg på 1800-talet. Nasjonalkjensla var sterk, og overklassen sitt riksmål kunne ikkje førast tilbake til gammalnorsk, men til dansk. Dialektane, derimot, byggjer på norsk mål, meinte Ivar Aasen, og på 1840-talet var han på reisefot for å lytte til og skrive ned dialektar. Knud Knudsen, norsklærar og språkforskar, meinte den rettaste måten var å fornorske det danske skriftspråket litt etter litt. Det vart ettterkvart hard strid mellom tilhengjarane av landsmålet og tilhengjarane av riksmålet. I 1906 vedtok Stortinget sidemålsprøve til examen artium, og riksmålsfolka tok til å snakkke om tvang.

I Babels tårn greier Gabriel Scott å få inn alt dette, seier Jahr. Forfattaren har med fleire kjende personar frå denne tida, t.d. Jørgen Løvland (som leiaren Brauskeland) og Bjørnstjerne Bjørnson (som Torbjørn Digre). Målfolka vinn. Den eine etter den andre av riksmålsfolka vert summarisk dømt og hengt. Men stykket ender ikkje her. Landsmålsfolka vert ikkje einige om namnet på landet. Skal det vere Nyrig, Noreger, Ultima??? Alle målfolka kranglar og drep kvarandre. Men ein bonde kjem inn på scena til slutt, ser roleg utover og seier: "Det var ei Guds løkke at je itte var med her".

Etter matpausen fekk me høyre meir til Liv Daland igjen. Moro å møte ein så engasjert ungdom som song og spela og fortalte om visene ho framførte.

Ein variert og underhaldande kveld der me fekk med oss både språkhistorie og folkemusikk!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS