FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. OKTOBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

"Olav Åsteson møter Kivlemøyane"

 (04.11.2010)










Mållaget i Kristiansand arrangerte 3. november ein flott konsert i samarbeid med Folkeakademiet og BUL
"Nesten ei urframføring, berre framført slik ein gong tidlegare same dagen" fortalde Agnes Buen Garnås før konserten starta i BUL-salen. Saman med sonen, Per Anders Buen Garnås, heldt dei publikum "i ånde" i nesten tre kvarter.

Det var utruleg vakkert. Dei veksla heile tida mellom slåttar på hardingfele med Per Anders og kveding framført av Agnes. Me fekk heile historia om Olav Åsteson som somna joleftan og vakna 13. dagen. Draumkvedet hadde dei delt opp i ni bolkar med Kivlemøyslåttar innimellom. Utøvarane tilpassa seg kvarandre med tekst og musikk perfekt og framførte konserten med stor innleving.

Solveig Lima
Nyhende frå nm.no:

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS