FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Runesteinar - og andre tunge ting

 (17.11.2010)

Lagsmøtet i Mållaget denne tysdagen, 16.11.10, samla ca 50 tilhøyrarar som kom for å lytte til arkeolog Frans-Arne Stylegar, fylkeskonservator i Vest-Agder.


Det var Hogganviksteinen ved Mandal som stod i sentrum, og foredragshaldaren gav oss ei god skildring av tilhøva rundt dette funnet hausten 2009. Det var svært interesssant å få vite nærare om dette og korleis steinen har lege så godt bevart i over 1000 år.

Stylegar viste oss bilete samstundes med at han heldt foredraget, og mot slutten synte han oss eit kart over områda der det er funne runesteinar. Det er tydeleg at runeskrifta har røter ved Middelhavet, meinte han, men funn av runesteinar er størst frå Tyskland og nordetter, då særleg i Vest-Agder og Rogaland. Svært interessant var det å høyre at Hogganviksteinen er den steinen som har den nestlengste runeinnskrifta i Europa

Hogganvik låg for 1000 år sidan mykje nærare havet enn enn no, og det var såleis ein sentral plass for dei sjøfarande. Frå høgda der runesteinen har stått, har det vore god utsikt over havet og dermed ein høveleg plass for eit gravminne.

Steinen vert ståande på staden der han vart funnen, men vinterstid skal han dekkjast av ei spesialsydd hette.

Takk til Frans-Arne Stylegar for ein interessant og lærerik kveld.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS