FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Julemøte i Mållaget 8.12.2010

 (13.12.2010)

Mange medlemer hadde funne vegen til Mållaget denne kalde desemberkvelden. Det var pinnekjøt med aprikoskompott til dessert på menyen i BUL-salen. Som tradisjonen har vore sidan 2000, er det Olav Molland som er sjefskokk og set det heile i gang...

Til julesongane både før og etter maten, hadde me fin musikk og song av Olaf Moen, Bente Aasheim og Borghild Løver.

Etter julemiddagen samlast me i Mållagsstova til kåseri og kaffi med småkaker attåt.

Kåseriet denne gongen vart halden halden av Sigurd Haugsgjerd, redaktør i Setesdølen. Han meinte at me ikkje skulle vere så pessimistiske når det gjeld stoda til nynorsken i dag. Både i radio og fjernsyn høyrer ein ofte nynorsk eller ulike dialektar bruka. For 100 år sidan var målrørsla godt representert i sentrale stillingar og hadde eigentleg meir makt enn dei skulle ha. Han trekte fram Jørgen Løvland frå Evje. Som utanriksminister fekk han den danske prinsen Carl til å ta det norske namnet Håkon og døype sonen Olav. Han nemnde også Åsulv Bryggeså frå Eiken som kjempa for landsgymnas.

Fyrste avisjobben hadde Haugsgjerd i Gula Tidend med Per Håland som redaktør. Her lærde han at bruk av ord og uttrykk som vanlege folk brukar, er det som duger for å kommunisere med lesarane. Dette har han i stor grad teke med seg til Setesdølen. I Setesdal finn han mange gode seiemåtar, noko han set pris på.
Han avslutta med soger høyrt i kommunestyret i Valle, og peika på kor rett fram dei tala. Interessant og moro å høyre på han!

Til slutt framførte "trioen" med Borghild, Olaf og Bente stev og juletonar. Olaf trakterte harpeleik og song, Bente spela fele og Borghild song. Eit fint innslag som kanskje vert tradisjon på julefestane I Mållaget?





Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS