FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kvifor treng vi festdagar?

 (05.01.2009)

Gunhild Hagestad heldt eit interessant kåseri om dette i Mållagssalen tysdag 9. desember 2008.


Kvelden tok til med middag i BUL-salen, der me fekk plass til bortimot 50 menneske. Menyen var som tidlegare år: Pinnekjøt, poteter og kålrotstappe med aprikoskrem til dessert. Alt var nydeleg tillaga av sjefskokk Olav Molland!

Me gjekk deretter til Mållagssalen for å høyre kåseriet til Gunhild Hagestad.
Ho opna med at dei fleste festdagar er knytta til rituelle handlingar i samband med overgangar i livet som fødsel, barnedåp, bryllaup, gravferd, solsnu og religiøse høgtider. Det var/er viktig at rituala er faste frå år til år. Jamfør kor viktig det er for dei fleste at jolematen er den same frå år til år!
I vår tid då så mykje er omskifteleg, har det kanskje meir å seie enn nokon gong at me har faste ritual. Kontinuitet, kjensle av samanheng i livet, er godt å oppleve for moderne menneske!

Jolemøtet vart avslutta med kaffi og jolebakst. Det var uvanleg god stemning og samtalen gjekk livleg rundt småborda. Eit knippe kjende og kjære jolesongar vart sungne til tonefylgje av Anne Lise Stensland.

Tradisjonar må me halde på, og jolemøtet i Mållaget i Kristiansand i 2008 var like vellukka og gildt som alltid.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS