FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Fin kveld i Mållaget 13. januar

 (07.02.2009)

13. januar fekk vi vitjing av Ingvild Bryn frå dagsrevyen i NRK. Ho er for tida einaste programleiaren i Dagsrevyen som nyttar nynorsk, og ho fortalde levande om livet innanfor tvmediet. Av og til måtte ho setje om frå bokmål til nynorsk på sparket, og då kunne det vere vanskeleg å få til eit godt språk. Ho er styremedlem i Mediemållaget og har ansvaret for språkrøkta i NRK.


Ho fortalde om bakgrunnen sin, om oppveksten på Voss med kulturmedvitne foreldre. Journalistkarrieren byrja i ei lokalavis på heimstaden, så vart ho tilsett i NRK og hadde 4 år som korrespondent i USA.

Etter kåseriet song ho med kjenslevar, fin songrøyst Åge Aleksandersen sin kjende ”Lys og varme” og ”Veronica” av Cornelis Vreeswijk. Ho spelte sjølv piano til. Ho spelte også til allsongen der møtelyden fekk vere med på fleire av songane frå songskatten vår.

Om lag 55 personar var møtt fram for å høyre på Ingvild, ein særs god representant for dei som bruker nynorsk i alle samanhengar.
I pausen var det livleg prat rundt borda medan folk kosa seg med kaffi, rundstykke og wienerbrød.
Ein vellukka mållagskveld!

Oddmund Viken
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS