FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Heider til Maria og Oddmund Viken

 (03.03.2009)

Heider til Maria og Oddmund Viken på årsmøtet i Mållaget i Kristiansand tysdag 10. februar 2009.

Både Maria og Oddmund har vore medlemmer i Mållaget i Kristiansand sidan byrjinga av 60-talet, og båe har gjort ein stor innsats for laget.

Maria vart på årsmøtet utnemnt til heidersmedlem. Ho fekk fin diplom og blomar som synleg bevis på alt arbeidet ho har lagt ned i Mållaget. Anne Austad heldt tale for henne og fekk fram kor mykje «usynleg» arbeid Maria i mange år har gjort. På kjøkkenet har ho koka kaffi og funne fram mat til tysdagsmøta. Ho har dekka borda og stelt koseleg i stand både til julemøta og tysdagsmøta. Sjølvsagt har ho også hatt ei hand med i ryddinga.

Men ho har ikkje berre vore ansvarleg for slike praktiske ting. Ho er svært glad i dikt og har hatt ansvar for to tysdagskveldar i Mållaget. Den eine kvelden fortalde ho om og las dikt av Jakob Sande, og den andre kvelden var det Halldis Moren Vesaas ho presenterte på ein interessant og fin måte. Desse programma har ho også hatt på tilskipingar i pensjonistforeininga, og ho har fått mykje god omtale.Til allsongen på tysdagsmøta er ho svært god å ha. Ho har ei klår og stø røyst, held tonen og kan tekstane utanat!
I Lyrikk-klubben har ho saman med Oddmund møtt trufast fram i mange år og har saman med han sytt for kaffi også der. Me vonar at me i Mållaget vil nyte godt av både song og diktlesing frå henne i enno lang tid framover.

Også Oddmund fekk stor takk og mange godord denne kvelden. Nestleiaren i laget, Olav Molland takka han for innsatsen gjennom mange år. Frå han vart vald inn i styret som varamann i 1969 og fram til no, har han hatt sentrale tillitsverv. Han har vore formann både i laget og i forretningsdrifta.

Han har hatt ei svært god helse, og 74 år gammal byrja han i år 2000 som dagleg leiar i Mållaget og som vaktmeister for bygget. Det er denne jobben han no sluttar i. Å finne ein som kan take over alt det han har gjort, er umogeleg. Han har stått på og har ein kunnskap om alt som har skjedd i Mållaget, både når det gjeld saker og sjølve bygget, som ingen andre har. Oppgåva hans som dagleg leiar og vaktmeister har difor no vorte delt på fleire. Det er Borghild Løver som tek over som dagleg leiar, noko me trur er ei god løysing.
Om Oddmund formelt har slutta, vonar me at me kjem til å sjå han mykje framleis. Men kanskje blir det meir tid til reising no?
Styret i Mållaget har difor kome fram til at han skal få eit gåvekort på ein tur til Oslo for seg og Maria med to overnattingar, kost og eit valfritt kulturarrangement.
Styret takkar dei båe to for innsatsen.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS