Nynorsk i barnehagen
(15.03.2009) I Kristiansand har Ragnhild Mydland det siste året vore innom fleire barnehagar og lese for borna. Barnehagen har lånt bøkene eit par månader, og borna har synt seg interesserte og ivrige etter å bli lesne for. Av og til må ord forklarast, og dermed får dei ei utviding av ordforrådet. På årsmøtet for Mållaga på Agder vart det etterlyst titlar over nynorske biletbøker. Dei aller fleste bøkene har me fått gjennom barnebokklubben Blåmann. Nedanfor finn de eit utval av biletbøker som me har gode erfaringar med både i barnehagen og skulen:
Nynorske biletbøker for dei minste:Landstrøm, Olof: Bø og Bæ blir våteLandstrøm, Olof: Bø og Bæ i skogenLandstrøm, Olof: Bø og Bæ til sjøs Landstrøm, Olof: Bø og Bæ i festhumørLandstrøm, Lena: Bø og Bæ får besøkLindgren, Barbro: Boka om Benny ( Jamen Benny og Neimen Benny) Lindgren, Barbro: Nøff nøff, Benny (nr3) Lindgren, Barbro: Bella i barnehagenLindgren, Barbro: Påls baljeLindgren, Barbro: Påls potteLindgren, Barbro: Her er det vesle husetRoss, Tony : Eg vil heimRoss, Tony: Eg vil ha middagen min!
Nynorske biletbøker for dei litt større (3 – 5 år)
Anderson, Lena: Vesle Pinne får besøkAuestad, Annlaug: KuvenninneneDüzakin, Akin: Lukas bygger olabilDüzakin, Akin: Kom til LukasJanosch: Bymusikantane i BremenLandstrøm, Lena: Bø og Bæ får besøkLandström, Lena og Olof: Fire høner og ein haneLindgren, Barbro: Rosa på dagheimMathivet, Éric: Mitt dyreatlas
Opedal, Vetle: Flekkmonsteret bygger harefelle Thomas, Valerie: Bella BloksbergThomas, Valerie: Bellas nye datamaskinStai, Kari: Jakob og NeikobVandewiele, Agnès: Dinosaurer (I serien: Mine små leksikon) Velthuijs, Max: Frosken blir reddVelthuijs, Max: Frosken og den framandeVelthuijs, Max: Frosken og skattenVibert-Guigue, Francoise: Brannmenn (I serien: Mine små leksikon) Mange av bøkene som er sett opp for dei minste, kan svært godt lesast for dei større, t.d. bøkene om Benny og om Bø og Bæ. Til Bøkene om Bø og Bæ og Bella Bloksberg er det laga dokker. Til desse bøkene er det gitt ut CD: Flekkmonsteret bygger harefelle og Frosken og vennene hans Ta gjerne kontakt med ein av oss dersom de har spørsmål: Ragnhild Mydland eller Solveig Lima
Solveig Lima |
|
|