FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Mållagsaktivitetane hausten 2009

 (21.05.2009)

Mållaget i Kristiansand ønskjer velkomen til eit mangfaldig program hausten 2009.
Me startar opp sundag 16. august på Vest-Agder Fylkesmuseum med lesing for born i Trydalsstova.

August
  • Sundag 16. Fylkesmuseet kl. 11.30: Lesing av nynorske biletbøker i Trydalsstova.
  • Tysdag 25. Lyrikk
September
  • Tysdag 1. Styremøte
  • Tysdag 8. Lyrikk
  • Tysdag 15. Lagsmøte: Arkeolog Frans-Arne Stylegar: Arkeologi på Agder
  • Tysdag 22. Lyrikk
Oktober
  • Tysdag 6. Styremøte og lyrikk
  • Onsdag 14. Møte saman med BUL: Program med Knut André Rysstad (kveding) og Laila Buer Storli (hardingfele) Kl.19.30
  • Tysdag 20. Lyrikk
November
  • Tysdag 3. Styremøte og lyrikk
  • Tysdag 17. Lagsmøte: Festspeldiktar Tove Bakke (omsetjar av bøkene til den franske forfattaren Anna Gavalda, mellom anna ”Saman er ein mindre aleine”)
  • Tysdag 24. Lyrikk
Desember
  • Tysdag 1. Styremøte og lyrikk
  • Tysdag 8. Julemøte (medlemsmøte) Kl.19.00 m/program: Åsulv Lande, professor i kyrkjesoge
  • Tysdag 15. Lyrikk
Alle lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer. Lagsmøta byrjar kl 19.00 og er sjølvsagt òg opne, med eitt unntak; julemøtet, som berre er for medlemer (og til nett det møtet er det påmelding). Hjarteleg velkomen!

Styret
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS