FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Tildeling av journaliststipend våren 2009

 (02.06.2009)

Vi gratulerer dei tre studentane som kvar fekk eit stipend på 10 000 kr:
Sian Constance O‘Hara, Abelone Ågotnes og Iselin Nevstad Øverlid.

Det kom inn i alt 6 søknader, men desse tre skilde seg ut:
Sian Constance O‘Hara, 27 år, frå Evje og Hornnes, studerer journalistikk på Mediehøgskolen i Oslo. Ho har fått kontor på NPK/NTB og får delta i arbeidet under rettleiing der.
Abelone Ågotnes Eiklid, 22 år, frå Gol i Hallingdal, studerer journalistikk på Mediehøgskolen, Gimlekollen.
Iselin Nevstad Øverlid, 22 år, frå Hareid, studerer journalistikk på Høgskulen i Volda.

Jury: Jon Inge Vikan, Mediemållaget, Arne Sigurd Haugen, redaktør i Nynorsk Pressekontor, (NPK/NTB), journalist Kjetil Reite, Fædrelandsvennen, redaktør Sigurd Haugsgjerd, Setesdølen, Anne Austad og Øyvind Grov frå Mållaget i Kristiansand.

Søknadsfristen for hausthalvåret er 1. oktober 2009

Mållaget i Kristiansand tilbyr stipend til journaliststudentar som ynskjer å nytte nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet. Stipendiaten får arbeide i miljøet til Nynorsk Pressekontor og NTB, og god rettleiing der.
Ho/han kan få kr 10 000,- per semester i inntil tre år.

STATUTTAR
§1. Føremål
Stipendet skal motivere og inspirere journaliststudentar til å bruke nynorsk i studiet og i seinare arbeidsliv.

§2. Kven kan få stipend?
Søkjarar frå Agder som ynskjer å bruke nynorsk i arbeidet sitt, har førerett. Dersom det ikkje er gode søkjarar frå Agder, kan stipendet delast ut til søkjarar frå andre delar av landet. For å få stipend, må ein ha fått og teke imot studieplass.
Studentar kan få inntil 10 000 kroner kvart semester i inntil tre år. Maksimalt kan kvar student få 60 000 kroner.

§3 Stipendsøknad med grunngjeving.
Ein CV som mellom anna inneheld:
a. Attesterte kopiar av vitnemål frå tidlegare utdanning.
b. Attesterte kopiar av attestar frå arbeidslivet.
c. Kopiar av eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.

§4 Søknadsfrist
1. mars i vårhalvåret. 1. oktober i hausthalvåret.

§5 Jury
5.1 Styret i Mållaget i Kristiansand oppnemner jury på inntil 6 medlemer for 4 år om gongen. Halvparten av medlemene er på val annakvart år, fyrste gongen etter loddtrekking.
5.2 Samansetting av juryen
- 2 representantar frå Mållaget i Kristiansand
- 1 representant frå Mediemållaget
- 1 til 2 representantar frå medieverksemder i Agderregionen
- 1 journalist frå Nynorsk Pressekontor

§ 6 Om rettar og plikter i det faglege samarbeidet mellom stipendiat og samarbeidspartnarane
a. Stipendiaten får ein arbeidsplass stilt til rådvelde i NPK-redaksjonen i NTB.
b. NPK/NTB tilbyr stipendiaten å nytte seg av heile det faglige miljøet i NPK/NTB som del av journaliststudiet.
c. NPK stiller ein ”fadder” til rådvelde som fagleg rettleiar for stipendiaten.
d. Stipendiaten deltek i arbeidet i NPK-redaksjonen etter nærare avtale.

§7 Rapportering frå mottakar av stipend
Seinast ein månad etter semesterslutt må det sendast rapport til Mållaget i Kristiansand om progresjonen i studiet inkludert eventuelle attesterte eksamensresultat. Dette er ein føresetnad for å få forlenga stipendperioden som det samstundes kan søkjast om dersom studiet skal halde fram.

Søknadsinformasjon:
Skriftleg søknad må ha med opplysningar om studieplass og studiekostnader,
CV med kopi av vitnemål og attestar og eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.

Nærare informasjon finn du på www.nm.no/lag/mallaget-i-kristiansand, eller du kan ta kontakt på tlf. 970 64 485 eller e-post til maalkrs@frisurf.no.

Søknadsfrist 1. oktober 2009

Styret
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS