FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Doktoravhandling på nynorsk ved Universitetet i Agder

 (19.06.2009)

Torsdag 18. juni 2009 disputerte Svein Slettan med avhandlinga: «Mannlege mønster. Maskulinitet i ungdomsromanar, pop og film». Svein Slettan er førstelektor ved Institutt for nordisk og mediefag ved Universitetet i Agder. Slettan vart på årsmøtet 2009 vald til varamedlem for styret i Mållaget i Kristiansand.

Avhandlingsarbeidet er utført på UiAs doktorgradsprogram i litteraturvitskap og er sett saman av ulike artiklar. I dei seks fyrste tek han føre seg romanar av Rune Belsvik, Arne Berggren, Harald Rosenløw Eeg, Ingvar Ambjørnsen, den svenske forfattaren Mats Wahl og den danske forfattaren Bente Clod. I den sjuande artikkelen analyserer han Lars Lillo Stenbergs poplåtar, og i den siste analyserer han ein svensk film: Farväl Falkenberg, av regissør Jesper Ganslandt.

Førsteopponent var professor Malan Marnarsdóttir frå Universitetet på Færøyane og andreopponent professor Rolf Gaasland frå Universitetet i Tromsø.

Disputasen starta med at doktoranden gjorde kort greie for arbeidet. Maskuliniteten i samfunnet er under press. Moderne ungdomslitteratur reflekterer dette.

Opponentane si oppgåve er å stille kritiske spørsmål, men dokoranden kom med grundige og gjennomtenkte svar. Det vart etterlyst lengre utgreiingar med analyse og teori. Doktoranden meinte at teksten og korleis ein ser igjen teorien i desse, var meir interessant.
Andreopponenten kom inn på at doktoranden hadde brukt ein journalistisk stil med å «sleppe» sluttpoenget tidleg slik at ein bare kunne lese litt for å få med seg handlinga. Han presiserte også at ein litteraturvitar må unngå projeksjonsfaren, dvs å finne det han leiter etter i teksten. Då er det vanskeleg å vere nøytral. Teksten sjølv må få ein sjanse! Men doktoranden har vist mange fine tolkingar og vist at han er lyttande til teksten.

Båe opponentane poengterte at avhandlinga var skrive i eit godt og ledig språk og gav ein grundig analyse av emnet, og arbeidet vart godkjent.

Mellom gratulantane etterpå var Borghild Løver frå Mållaga på Agder og Anne Austad frå Mållaget i Kristiansand. Dei gav han blomar og gode ord for at han med dette arbeidet viste at nynorsken ikkje berre høver i dikting, men også i faglitteratur.

Svein Slettan vart på årsmøtet 2009 vald til varamedlem for styret i Mållaget i Kristiansand.

For å få meir informasjon om innhaldet i avhandlinga og emne for prøveforelesinga sjå her

Foto: Borghild Løver

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS