FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Museumsdag sundag 16.8.2009

 (18.08.2009)

Også dette året var Mållaget i Kristiansand deltakar på Den store familiedagen som Vest-Agder-Museet Kristiansand har arrangert kvart år i det siste. På Setesdalstunet vart det lese frå nynorske biletbøker både utanfor og inni "Nystoga" frå Trydal i Bykle.

Frå klokka tolv til fire kom mange innom, oftast born i fylgje med vaksne, og for det meste vart det sett stor pris på tiltaket. Ein høyrde kommentarar om at det var godt med ei roleg høgtlesingsstund mellom alle dei andre aktivitetane. Dessutan gav fleire uttrykk for at det var bra at borna fekk høyre og lese nynorsk frå dei var små.

Me hadde ikkje sett opp faste tidspunkt for lesinga, og me las når det passa, anten det var ein, to eller fleire born til stades. Dette såg ut til å fungere greitt, og det vart også tid til å ta ein prat med dei vaksne før eller etter lesinga.
Dei fleste bøkene me hadde med oss, er utgitt på barnebokklubben Blåmann, og fleire var interesserte i å ta med seg skriv med nettadressa til denne.

Svært mange sette også pris på å få utdelt dikt av Haldis Moren Vesaas.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS