FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 14. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Lagsmøte i Mållaget tysdag 15. september 2009

 (17.09.2009)





Årringsprosjektet er eit samarbeid mellom Nationalmuséet i Danmark og Fylkeskonservatoren i Vest-Agder. Det tok til i 2005 og skal halde fram til 2011.
Frans-Arne Stylegar var forhindra frå å kome til Mållaget denne tysdagen, men han samarbeider med Niels Bonde frå Nationalmuséet i Danmark om årringsprosjektet, og sistnemnde kom i staden.

Han starta med å fortelje at han arbeidde med eit dendrokronologi-prosjekt. Mange av oss lurte på kva dette kunne vere – og han forklarte: Ordet er gresk, og dendro tyder tre, krono: tid, logi: lære om. Det vil då seie at det er læra om korleis ein kan fastsetje alder på tre, og det er ein dateringsmetode innanfor naturfag, arkeologi og historie.
Årringane på trea fortel om kor mykje treet har vakse gjennom eit år. Varme år med mykje regn gjer årringane breie. Er det derimot tørre år, er årringane smale. Ved å samanlikne funn frå ulike tre kan dei slå fast kor gamle dei er. Metoden vart utvikla i USA rett etter 1900 og vart brukt under arbeidet med å fastslå alder på indianarbusetnadane, pueblos, sør i Rockey Mountains.

Nationalmuséet i Danmark har fleire som arbeider med årringsprosjektet som dei har kalla "Med ryggen til fjeldet". Folk langs kysten i Sør-Noreg har alltid vore "internasjonale". Etterkvart som båtane har vorte betre, har trafikken over sjøen auka. Nå er det gjennom dendrokronologien bevist at tømmer frå Noreg har vorte mykje brukt i Europa, t.d. til Rådhuset i København.
Kona til Niels Bonde, Claudia Baittinger, er biolog, og også ho er knytt til
prosjektet. Når prøvene er tekne i felten, arbeider ho med funna i mikroskopet. Gjennom nokre veker om våren og hausten bur dei på Odderøya, og saman med lokalfolk har dei samla inn prøver frå levande eiketre, eikestokkar som har lege under vatn og stokkar frå gamle hus i Vest-Agder.

Mange område både i England, Irland, Nederland, Tyskland, Sverige og Danmark der det har vakse eike- og furutre, er kartlagde, men lite har vore gjort i Noreg. Det er difor viktig at det vert samla inn funn frå den sørlege landsdelen der det ein gong har vore stor eikeskog. I fylgje prøvene som er tekne i det siste, viser dei at ingen av eiketrea som veks her nå, eldre enn frå 1700-talet. Men prøver frå gamle bygningar, syner at stokkane gjerne kan vere frå 1600-talet.
I Venneslafjorden, der det på 1600-talet var tømmerbom, var dei så heldige å kome over mange eikestokkar. Desse hadde nok ein gong vorte mist ved bommen. Prøver kunne takast, og stokkane vart ved hjelp av dendrokronologien daterte tilbake heilt til 1000-talet. Det gamle huset, "Bommen", som står der framleis, er eit hus frå 1600-talet.

Interessant var det også å få vite at etter Gokstadskipet vart gravd ut seint på 1800-talet, var det dendrokronologiske prøver som viste at det vart bygd ca. 890 e.Kr. og det vart lagt ned i haugen ca. 10 år etter. Funna har også vist at Osebergskipet vart bygd av tømmer frå Haugesundskanten.

Ein interessant fagleg kveld vart avslutta med ein minikonsert av Marin Stallemo Bakke. Ho starta med Mediasjonsstykker for fiolin. Deretter spela ho eit par slåttar på hardingfele, der Fanitullen var ei flott avslutning på kvelden.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS