FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Ny utlysing av journaliststipend

 (08.10.2009)


Søknadsfrist for hausthalvåret 2009 er 16. oktober

Mållaget i Kristiansand tilbyr stipend til journaliststudentar som ynskjer å nytte nynorsk i studiet og seinare i arbeidslivet. Stipendiaten får arbeide i miljøet til Nynorsk Pressekontor og NTB, og får god rettleiing der. Ho/han kan få kr 10 000,- per semester i inntil tre år.
Nærare informasjon får du ved å ta kontakt med Mållaget v/
Øyvind Grov, tlf. 99 62 95 89 eller på e-post

STATUTTAR
§1. Føremål
Stipendet skal motivere og inspirere journaliststudentar til å bruke nynorsk i studiet og i seinare arbeidsliv.

§2. Kven kan få stipend?
Søkjarar frå Agder som ynskjer å bruke nynorsk i arbeidet sitt, har førerett. Dersom det ikkje er gode søkjarar frå Agder, kan stipendet delast ut til søkjarar frå andre delar av landet. For å få stipend, må ein ha fått og teke imot studieplass.Studentar kan få inntil 10 000 kroner kvart semester i inntil tre år. Maksimalt kan kvar student få 60 000 kroner.

§3. Stipendsøknad med grunngjeving.
Ein CV som mellom anna inneheld:
a. Attesterte kopiar av vitnemål frå tidlegare utdanning.
b. Attesterte kopiar av attestar frå arbeidslivet.
c. Kopiar av eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.

§4. Søknadsfrist 1. mars i vårhalvåret. 1. oktober i hausthalvåret.

§5. Jury
5.1 Styret i Mållaget i Kristiansand oppnemner jury på inntil 6 medlemer for 4 år om gongen. Halvparten av medlemene er på val annakvart år, fyrste gongen etter loddtrekking.
5.2 Samansetting av juryen
- 2 representantar frå Mållaget i Kristiansand
- 1 representant frå Mediemållaget
- 1 til 2 representantar frå medieverksemder i Agderregionen
- 1 journalist frå Nynorsk Pressekontor

§6. Om rettar og plikter i det faglege samarbeidet mellom stipendiat og samarbeidspartnaranea.
a. Stipendiaten får ein arbeidsplass stilt til rådvelde i NPK-redaksjonen i NTB.
b. NPK/NTB tilbyr stipendiaten å nytte seg av heile det faglige miljøet i NPK/NTB som del av journaliststudiet.
c. NPK stiller ein ”fadder” til rådvelde som fagleg rettleiar for stipendiaten.
d. Stipendiaten deltek i arbeidet i NPK-redaksjonen etter nærare avtale.

§7. Rapportering frå mottakar av stipend.
Seinast ein månad etter semesterslutt må det sendast rapport til Mållaget i Kristiansand om progresjonen i studiet inkludert eventuelle attesterte eksamensresultat. Dette er ein føresetnad for å få forlenga stipendperioden som det samstundes kan søkjast om dersom studiet skal halde fram.

Søknadsinformasjon:
Skriftleg søknad må ha med opplysningar om studieplass og studiekostnader,CV med kopi av vitnemål og attestar og eventuelle publiserte arbeid på nynorsk.

Søknadsfrist 16. oktober 2009

Styret
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS