FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Skulebibliotekartreff i Mållaget 25.11.2009

 (25.11.2009)

Pedagogisk Senter i Kristiansand takka ja til Mållaget då dei fekk spørsmål om å leggje treffet til Mållagsstova.

Deltakarane kom inn i ein sal full av nynorske barne- og ungdomsbøker. Me hadde lånt mange frå Mållaget sentralt, nokre av dei nyaste frå Birting bokhandel og i tillegg har me ein god del sjølv.

Skulebibliotekarar frå barne- og ungdomsskulane i Birkeland, Vennesla, Songdalen og Kristiansand var innkalla til møtet, og litt over 20 deltakarar møtte opp.
Hanne Dahll-Larssøn og Siri Andersen frå Pedagogisk Senter starta med å vise til læreplanen i norsk for 4., 7. og 10. trinn. Planen stiller krav, men korleis kan ein best gi elevane ei positiv haldning til nynorsken?

Ragnhild Mydland og eg har arbeidd med dette i nokre år. I 2006 kom me fram til å be styret i Mållaget om å kjøpe inn biletbøker til utlån i barnehagar og skular i Kristiansand. Me valde biletbøker fordi desse har ofte lite tekst og gode illustrasjonar, og terskelen overfor nynorsk vert dermed lågare.
Biletbøker kan dessutan brukast frå barnehage til ungdomsskule.

Det har vorte utgitt svært mange gode nynorskbøker i seinare år. Det er for gale at barn og unge går glipp av gode leseopplevingar berre fordi dei ikkje les nynorsk! Førskule- og grunnskulelærarar har ein viktig jobb å gjere her. Di yngre barna er, di færre fordommar har dei. Har dei høyrt og lese mykje nynorsk i barnehage og grunnskule, vil det også vere lettare når dei kjem til ungdomsskulen og skal ha karakter i faget.

Gjennom kommunens e-post sende me ut tilbod til barnehagar og skular om å låne biletbøker frå Mållaget. Fleire har nytta seg av dette. På Lovisenlund (1. - 7. trinn) har dei fått nynorskprosjekt med i årsplanen for 5. klasse, mykje takka vere ein entusiastisk skulebibliotekar. Også frå Karuss (1.- 10. trinn) har det vore svært positiv respons. Skulebibliotekaren der fortalde at føre eksamen i nynorsk, var desse bøkene svært populære.
Tilbodet vert nå utvida til fleire enn Kristiansandsskulane, sidan skulebibliotekarar frå dei andre kommunane på treffet også viste interesse. Ragnhild og eg har dessutan høve til å kome og presentere bøkene om det er ynskje om det.

Dersom barnehage eller skular gjerne vil ha fleire nynorskbøker, kan dei søkje Mållaget om tilskot. Mållaget vil også hjelpe til ved forfattarbesøk, slik dei gjorde i høve 100 års-jubileet då interesserte skular fekk besøk av Rune Belsvik.

Me i Mållaget set stor pris på at Pedagogisk Senter ville leggje møtet hjå oss, og me vonar dei frammøtte fekk idear til gode bøker og inspirasjon til å la elevane møte meir nynorsk i skulen!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS