FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Litt om verksemda i 2007

 (17.02.2008)

Mållaget i Kristiansand har hatt mykje aktivitet og ein god auke i medlemstalet i 2007.

Interessante lagsmøte
I 2007 hadde me åtte mållagsmøte. Av programma vil me nemna:
- Jakob Sande – liv og dikting ved Maria Viken
- Kristiansand frå istid til sagatid ved Norman Liene og Erik Peersen
- NRK Sørlandet – med friskt blikk på framtida ved Kjell Pihlstrøm
- Kva skjer med dialektane våre ved Martin Skjekkeland
- Pilegrimsvandringa frå Hovden til Røldal ved Bjarne og Magnus Tveiten
- Kystkvinneliv og mattradisjonar i Søgne med servering av tradisjonsmat på kafé Måltid
- Folkemusikkonsert ved Daniel Sandén Varg og Sigurd Brokke
- Møte saman med BUL der Olav Vesaas fortalda om mora, Halldis Moren Vesaas

Mange samlingar i lyrikkgruppa
Lyrikkgruppa hadde 16 samlingar i fjor. Dette er gilde møte, og me ynskjer fleire velkomne til å vera med og lesa dikt saman med oss.

Bokkafé
17. november inviterte mållaget born og foreldre til bokkafé i Mållagsstova.

Stønad og innkjøp av litteratur
I 2007 løyvde Mållaget i Kristiansand 20 000 kr til omsetjinga av Ringdrotten. Dei 20 eksemplara av boka som me fekk som gjenyting har laget gitt til ungdoms- og vidaregåande skular i området.
Det er også kjøpt inn eksemplar av Smørbukk og Vangsgutane til utdeling i barneskulane.
Mållaget betaler abonnement på Norsk Barneblad til fire skular og betaler for bøkene frå Blåmann Barnebokklubb til fem barneskular.
Me har elles kjøpt inn ein heil del nynorske biletbøker som har vore innom fleire skular.

Nynorsk i skulen
Mållaget har fått skolekontoret i Kristiansand til å senda ut informasjon om elevane sine rettar til å velja nynorsk opplæringsmål og nynorske lærebøker.

Brosjyre
Etter nyttår har me laga ei informasjonsbrosjyre om laget og med programmet for våren. Brosjyra er lagt ut på biblioteket og i Byhallen.

Fleire medlemer
Mållaget i Kristiansand hadde i 2007 97 betalande medlemer – ei auke på 13 frå året før. Dette er eit resultat av verveaksjonen. Me takkar for velgjort arbeid til dei som har vore aktive i arbeidet!

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS