FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Unge musikarar i Mållaget i Kristiansand

 (20.09.2008)

Marin og Marie
Marin Stallemo Bakke og Marie Haugejorden Schau, to elevar ved Fiskå ungdomskule, hadde eit variert og fint program: "Frå Grieg til Beatles" på lagsmøtet tysdag 16.9.

Marie spelte fløyte og piano, medan Marin spelte både fiolin, hardingfele og piano. Båe jentene song, og Marin framførte også to slåttestev ho hadde frå Gunnhild Tømmerås.
Elles var dei innom Abba, inspirert av filmen frå i sommar, og viste stor glede ved å synge fleire Abba-songar dei hadde sett saman til musikk frå CD.
Det var moro å sjå korleis dei skifta mellom ulike instrument , song og kveding. Marin batt det heile saman på ein fin måte ved å fortelje litt om både Edvard Grieg og Ole Bull. Alt saman var på nynorsk, sjølv om det er bokmålet som målet for dei fleste i Kristiansand!
Siste nummeret var Yesterday, ei nydeleg avslutting som gjorde at vi mest ikkje hadde lyst til å gå.
Båe jentene har spelt instrument i fleire år og er med i kor. Dei har også hatt fleire program både i Grim kyrkje og i Domkyrkja.Me vil nok sjå meir til dei i tida framover.

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS