FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Høgtlesing på Vest-Agder Fylkesemuseum

 (01.09.2008)

Vest-Agder Fylkesmuséum arrangerte den årlege familieaktivitetsdagen sundag 17.august. Mellom aktivitetar som til dømes toving, snekring og hesteskyss, var det også opplesing av nynorske biletbøker.

Opplesinga gjekk føre seg i "Nystoga", eit hus med 2 stover og loft som er flytt frå Trydal i Setesdal. Inventaret er frå 1920-åra, og det var ei koseleg stemning blant born og vaksne som benka seg rundt bordet ved vindauget.
Det vart mellom anna lese både om den vesle grisen Benny og om heksa Bella Bloksberg. Båe desse bøkene er omsette til nynorsk. Benny-bøkene er omsette frå svensk, og Bella Bloksberg-bøkene frå engelsk. Bilete og tekst fengde, og ingen av borna reagerte på at det vart lese på nynorsk. Foreldre og besteforeldre gav uttrykk for at dette var bra, og dei dei gjerne ville lese meir nynorsk - særleg når dei vart klar over kor mange gode bøker som finst.
Alle fekk med seg heim innmeldingsblankett for Blåmann Barnebokklubb, ein bokklubb som har eit svært godt tilbod av nynorske barnebøker.
http://www.blamannbok.no

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS