FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Gledeleg jol og godt nytt år!

 (22.12.2008)

Styret i Mållaget vil med dette ynskje alle medlemer og nynorsksympatisørar ei glad jol og eit rikt nytt år!

I det året som no ebbar ut, har det vore god aktivitet i laget. Økonomien er solid fordi laget har gode og stabile inntekter frå utleige av kontor- og forretningslokale. Me har difor kunna gjeve økonomisk stønad til mange nynorsktiltak.

Vi har støtta utgjeving av fleire bøker på nynorsk, CD-plate på nynorsk, til fleire nynorskseminar, nynorsk forfattarvitjing til skular, mållagsstemne i Fjotland. Me har skipa til bokkafé og gjesta barnehagar og skular med nynorske bøker. Men det største tiltaket er nok etablering av eit stipend for journalistststudentar som vil bruke nynorsk i studiet og i arbeidslivet seinare. Dette er tidlegare omtala på heimesida vår.

Me sjølve er godt nøgde med med programma me har hatt på lagsmøta våre. På mange møte har me hatt god frammøte, men på nokre samkomer har det vore for mange tome stolar. Det er triveleg at det kjem bortimot 50 menneske på jolemøtet, men det hadde vore endå trivelegare om fleire hadde kome på eitt eller fleire møte til elles i året. For godt oppmøte på lagssamlingar er den beste motivasjon for oss som brukar mykje av fritida vår til å halde fram med å arbeide for at nynorsken skal få større og varig rom i det norske samfunnet. Elles er det ikkje til å stikke under stol at me slit med å få tak i dei unge. Målungdomslaget har diverre sovna inn. Det må me prøve å vekkje til liv att.

Elles vil eg nemne at den trufaste slitaren i Mållaget gjennom mange år, Oddmund Viken, har varsla at han vil trekkje seg som dagleg leiar etter årsmøtet i februar 2009. Styret har difor arbeidt mykje med å finne ein etterfylgjar. Men folk som han eksisterer ikkje no til dags. Så me har landa på ei løysing der arbeidsoppgåvene vert fordelte på fleire personar, men styret må òg ta på seg fleire plikter. Utleige av møtelokale vert avslutta ved utgangen av 2009. Men lagsmedlemer vil framleis ha høve til å bruke lokala til private samkomer.

Helsing
Bjug Åkre
styreleiar.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS