FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Konsert og lyrikk på lagsmøtet i januar 2011

 (20.01.2011)

Ein svært gild kveld med humør og trivnad! Inger Lise Stulien Robstad og Knut Kjetil Møen stod for det musikalske innslaget, og i matpausen framførte medlemer i lyrikkgruppa dikt.

Møtet starta med allsong, og kjente, gamle songar som "Eg gjætte Tulla" og "Blåmann, Blåmann" sette oss i god stemning før me fekk høyre eigenproduserte songar og andre omsette til nynorsk frå gresk og keltisk.

I 2008 gav Inger Lise Stulien Robstad ut CD‘en: "Okke 2", der ho har skrive alle songane på Byremodialekt. Ho er ein engasjert og svært ivrig dialektbrukar, noko som kom til uttrykk under framføringa. Ho fortalte m.a. historier frå tida som praksisstudent i øvingsskulen i Kristiansand. Då fekk ho elevane med på å gisse kva ulike ord tydde når ho snakka til dei. Det gjekk sport i det, og etterkvart hadde dei ei heil rad ord frå Byremodialekt omset til Kristiansandsdialekt!

Gitarakkompagnementet til Knut Kjetil Møen passa svært godt til songane, og det at han var med og "kora" til fleire av dei, gjorde framføringa stemningsfull og god å lytte til.

I
matpausen, før siste avdeling med konsert, fekk me høyre fine dikt. Maria Viken starta med uttrykksfull framføring av dikt til Olav Mosdøl og Aslaug Låstad Lygre. Johannes Sandsdalen heldt fram med Aslaug Vaa og Tarjei Vesaas, og Bergliot Sandsdalen avslutta med Haldis Moren Vesaas, opplesingar tilhøyrarane sette pris på.

Ein triveleg kveld vart avslutta med "Fager kveldsol smiler", ein svært kjend skulesong for fleire av oss!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS