FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorskprosjekt på Hånes i Kristiansand

 (15.02.2011)

I 2010 hadde 7. klasse på Hånes eit nynorsprosjekt som gjekk over tre veker. Det var så vellukka at dei ville gjere det same i år også.
Ca 60 elevar var difor samla til fyrste time i dag på "Tepperomet". Der vart dei gjort kjende med eindel av bøkene som Mållaget i Kristiansand har.

Sjølv om elevflokken var stor, var dei heilt med både når biletbøker og bøker med meir tekst vart presenterte. Biletbøkene var svært populære. Elevane hadde nemleg ikkje vore borti desse sidan dei gjekk på 4. trinn. (Skulen er fysisk delt i to avdelingar, og det er berre biblioteket på avdelinga for dei minste som har biletbøkene.)


Men også bøker med meir tekst var etterspurte, og for mange såg det ikkje ut til å vere ei bremse om bøkene var tjukke.

Planen er at elevane skal prøve seg på ein bokomtale når dei har lese ein del bøker og kome litt "inni" nynorsken.

Det er bra at skulen med eit slikt prosjekt er med og skaper positive haldningar til nynorsk, og at elevane får oppleve kor mange gode nynorskbøker som finst!


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS