FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Lovisenlund med nynorskprosjekt for femte året på rad

 (07.03.2011)

Sidan mars 2007 har det vore tradisjon med eit nynorskprosjekt på 5. trinn på Lovisenlund skole i Kristiansand.
Det er den dyktige bibliotekaren Anne Aaneland Olsen som har sytt for at nynorsk har kome på årsplanen.



Også denne gongen var det svært interesserte elevar, og tida til presentasjon gjekk altfor fort. Fleire hadde spørsmål til det eg sa under presentasjonen, noko som er er inspirerande.
Tidlegare har dei gått i gang med å velje bøker med ein gong, men denne gongen var det matpause fyrst. Eg fekk difor ikkje gått rundt og sett kva slag bøker dei valde, men det verka som
leselysten var stor.



Som tidlegare år hadde eg med flest biletbøker, men også bøker som krev dyktige lesarar. Når elevane har fylt ut eit skjema over bøker dei har lese, får dei diplom og blir med på trekking av bøker.

Mange av bøkene Mållaget har, har me fått kjennskap til gjennom Bokklubben Blåmann som gir ut nynorske bøker for små og store i barneskulen.


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS