FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Stor interesse for nynorskbøker på Skarpengland

 (16.03.2011)

Som på dei andre skulane eg har vore, vart eg møtt av ivrige og interesserte lærarar og elevar. Det var dei to klassane på 7. trinn eg besøkte. Også denne gongen hadde eg med eit rikt utval av bøker, både biletbøker og bøker med meir tekst.

Eg presenterte bøkene for ein klasse om gongen, og dermed fekk eg god kontakt med elevane.
Eg viste dei fyrst biletbøker. Av desse finst det utruleg mange gode. Dei har

illustrasjonar som gjer at boka blir både lett og morosam å lese. Mange valde å starte med biletbøker. Men det var også dei som med ein gong ville prøve seg anten på Tonje Glimmerdal, Drakeguten eller Rekrutten, bøker på 3 -400 sider. Det var stor interesse for bøker frå krigen, fotball og spennings- og fantasy-bøker.

Mange er interessert i fagbøker, og av desse hadde eg med fleire dyrebøker av Egil Hyldmo og historiske bøker med innhald frå 1000-talet og siste verdskrig.



Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS