FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Oskar Stein Bjørlykke i Mållaget sundag 22. mai

 (29.05.2011)

I 2010 starta Mållaget sambeid med Domkyrkja i Kristiansand om ei nynorsk gudsteneste. Det var i høve 125-årsjubileet for Domkyrkja, og det var då Edvard Hoem som heldt preika - og som var med på kyrkjekaffien i Mållaget etterpå.

Dette året vart preika halden av forfattar og teolog Oskar Stein Bjørlykke. På kyrkjekaffien i Mållaget etter gudstenesta samla det seg snart 50-60 menneske til ein god kopp kaffi og for å høyre Bjørlykke lese eigne dikt.

Bjørlykke har skrive mange dikt for både born og vaksne, og han har ei eiga evne til å finne presise uttrykk. Han bruker ikkje mange ord, men held seg til noko konkret som alle kjenner. På ein enkel måte får han fram noko som har ein djupare botn. Dette var tydeleg i fleire av dikta han las for oss.

Det var eit gildt møte med ein forfattar som ein må take fram og lese mykje meir av.


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS