FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 11. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Haustprogrammet 2011

 (16.06.2011)

Også denne hausten er det planlagt ulike aktivitetar som er vel verd å få med seg.
På det fyrste lagsmøtet i september kjem forfattaren Cornelius Jakhelln frå Kristiansand.
Seinare har me eit program med Inger Johanne og Knut Mæsel - og Vibeke Lauritsen. Sistnemnde, oppvaksen i Kristiansand med bokmål, er velkjend i Mållaget for å inspirere elevane i vidaregåande til å bruke nynorsk.
På møtet saman med BUL blir det eit program med Else Rønnevig.
Lyrikk-kveldane held fram som før, annankvar tysdag kl 18.30. Dei er opne for alle, og nye medlemer er særskild velkomne.

  • August
  • Sundag 7. august. Vest-Agder museet kl. 12 - 15. Opplesing av nynorske biletbøker.
  • September
  • Styremøte 6. sept.
  • Lyrikk6. sept.
  • Lagsmøte 13. sept. kl 19.00: Cornelius Jakhelln: "Norrøn livskunst"
  • Lyrikk 20. sept.
  • Oktober
  • Styremøte 4. okt.
  • Lyrikk 11. okt.
  • Lagsmøte 18. okt. kl 19.00: Inger Johanne og Knut Mæsel/ Vibeke Lauritsen: "Kristiansandkulturen - i historie og språk"
  • Lyrikk 25. okt.
  • November
  • Styremøte 1. nov.
  • Lyrikk 8. nov.
  • Onsdag 9. nov. kl 19.30. Lagsmøte saman med BUL: "Bakerovnen" med Else "Sprossa" Rønnevig og boka hennar.
  • Lyrikk 22.11.
  • Styremøte 29. nov.
  • Desember
  • Julemøte 6. des. kl 19.00 (Berre for medlemer) Gunvor Lande kåserer. Songinnslag v/ Olaf Moen/Borghild Løver
  • Lyrikk 13. des.

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS