FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Cornelius Jakhelln om "Norrøn livskunst"

 (19.09.2011)

Forfattaren og black-metal-musikaren Cornelius Jakhelln gjesta 13. september Mållaget i Kristiansand med føredraget "Norrøn livskunst". På ein original og engasjerande måte formidla han korleis han har begynt å bruke ein svært konservativ nynorsk som kunstspråk – den såkalla høgnorsken, eller det vi gjerne kjenner som “i-mål”.

Jakhelln voks opp i Kristiansand på 1980- og 90-talet, og ein skulle tru at gammalvoren nynorsk måtte vere noko av det fjernaste å gripe til. Men ungguten var så visst ikkje den som følgde straumen. Som musikar og forfattar leita han etter eit personleg kunstnarleg uttrykk, og han blei inspirert mellom anna av black metal-kulturen til å vende seg mot historie og mytologi, og også mot ei eldre språkform – altså høgnorsken.

Interessa for høgnorsken blei vekt alt i tenåra, og i føredraget sitt fortalde Jakhelln levande om korleis han midt på 1990-talet fekk henta opp ei gammal utgåve av Ivar Aasens dikt frå kjellarmagasinet i Kristiansand folkebibliotek. Det var ei høgtidsstund å vende dei gamle, sprø blada. Likevel tok det ei stund før han tok i bruk høgnorsken for alvor.
Ein periode var han student ved Sorbonne-universitetet i Paris, og var fast bestemt på å kaste av seg den norske arven og bli franskmann. Men så slo han heilt om, blei nærmast nasjonalromantikar og begynte etter kvart å bruke den gamle høgnorsken både i dikting og musikk. Eit døme på dette er diktboka Trisyn (Samlaget, 2010) og musikk-albumet Norrøn Livskunst, som han gav ut med gruppa Solefald same år. I dag er Jakhelln nærmast tospråkleg når det gjeld kunstspråket. I noko av det han skriv brukar han bokmål, i andre ting høgnorsk, litt avhengig av kva emnet og samanhengen er.

Gjennom føredraget fekk vi tydeleg inntrykk av at høgnorsken er del av eit stort kunstnarleg identitetsprosjekt for Jakhelln, som også omfattar det å vere stolt av tradisjonelle norske kulturuttrykk i det heile. Ikkje minst gjeld det litteratur og estetikk frå norrøn tid. Karakteristisk nok snakka han om den "ny-norrøne" vendinga si. Norrønt skulle han også gjerne ha skrive, sa han, iallfall innblanda i høgnorsk, men dit er det endå eit stykke veg å gå.

Mot slutten av føredraget lista Jakhelln opp ei rekke føremoner med høgnorsken, ja. eigentleg med nynorsken i det heile. Høgnorsken gjer så mange fagre vokalklangar mogleg, hevda han – “diftongane i i-målet skaper eit lydbilete ein ikkje finn på bokmål". At høgnorsken er krevjande å lære, såg han berre som ein fordel: "Det er ikkje berre å laste eit nytt mål ned frå hugen", som han sa, ein må arbeide mykje med det, og dermed blir resultatet betre kunstnarleg sett. Jakhelln la også vekt på at bruk av høgnorsk markerer tydeleg avstand til bokmålet, som han meinte blir meir og meir utvatna av engelske importord. Dermed kan kanskje ein slik konservativ nynorsk vere med å styrkje ei særeigen norsk språkleg identitetskjensle. Kanskje kan høgnorsken få ein renessanse mellom unge forfattarar og musikarar, ikkje minst gjennom svartmetall-kulturen?

Som del av føredraget fekk møtelyden høyre to musikk-kutt frå cd‘en Norrøn Livskunst. Det var mørk og løyndomsfull rockemusikk, med eit islett av folketonar, som faktisk såg ut til å falle i smak i forsamlinga. Rett nok understreka Jakhelln at han hadde valt ut dei to mest “øyrevennlege” låtane. Så var det livleg ordskifte, og etter maten blei møtet avslutta med to vers av "Fagert er landet". Ein stilmessig kontrast, kanskje, men innhaldsmessig heilt i tråd med bodskapen til føredragshaldaren!


Om Cornelius Jakhelln
Fødd 1977. Oppvaksen i Vågsbygd. Har seinare budd i Paris, Brighton og Roma. Frå 2006 bur han i Berlin. Slo for alvor gjennom som forfattar då han blei norsk vinnar i ein stor nordisk romankonkurranse, med romanen Gudenes fall (2007). Musikalsk soknar han til black metal, og har gitt ut plater med gruppene Solefald og Sturmgeist.

Svein Slettan
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS