FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Sørlandsk lærarstemne: Nynorsk på 1-2-3

 (21.10.2011)

Ingar Arnøy, skulemålsskrivar i Noregs Mållag, heldt eit entusiastisk innlegg for nynorsken på Sørlandsk lærarstemne 21. oktober 2011.
Nynorsk er i røynda eit riksmål, ikkje eit lokalt mål! Det er ein myte at Aasen ikkje var stort andre stader enn på Vestlandet.

Han meinte innsamlingsarbeidet til Aasen er grunnleggjande i undervisninga for eldre elevar.
Aasen valde former som dekker/samlar dialektane i heile landet. Elevane bør bli presentert for flest mogeleg dialekter, og då er lydbøker/lydprøver ein ypperleg måte å bli kjent med språket på.

Tittelen på kurset: Nynorsk på 1 - 2 - 3 tek utgangspunkt i det Aasen fann på ferdene sine:
EIN: Aasen valde diftong framfor monoftong fordi diftongen samlar begge, sjølv om det i mange bygder vart brukt monoftong.
TO: Skreiv tvo fordi ein då fekk fram samanhengen med ord som kjem av dette ordet, tvilling, tvisyn t.d. (Med 1938-rettskrivinga forsvann ordet tvo frå nynorsk skriftmål)
TRI: Åpning av vokaler i - e - æ. I‘en vert ofte uttala e eller æ, t.d. skrive -skreve. Difor er i‘en brukt i skrift, men kan uttalast med e der det høyrer til dialekten.
I-omlyd er vanleg i alt norsk talemål: a-e, å-æ, o-ø, o-y, u-y. Svært mange av orda me bruker til dagleg er mykje lettare å forklare med å vise til det opphavelege ordet. T.d. katt - kjette, låk - lækjar, bol - bøling, loft - lyfte, sur - syre. I-lyden er ein smart knagg å henge språk på!

Ein må gjere noko med innstillinga til nynorsk, og difor er TIDLEG START svært lurt. Arnøy nemnde ein lærar i ungdomsskulen som på fyrste foreldremøtet sa at ho ville ikkje ha noko av at foreldra snakka nedsettande om nynorsk. Det blei sjølvsagt diskusjon, men ho fekk foreldra med seg.
Elles meinte han at alle skulane burde fylgje læreplanen og ha nynorsk på barnesteget også.

Til slutt nemnde han kor viktig det er å bruke Nynorsksenteret i Volda. Dei har fått mange millionar for å styrke nynorsken. Skulane kan difor ta kontakt med senteret for å få stønad til lærebokinnkjøp og forfattarbesøk.


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS