FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Kulturkveld saman med BUL

 (10.11.2011)

Onsdag 9. november var ca 60 tilhøyrarar møtt fram i BUL-salen for å lytte til det Else Rønnevig hadde å fortelje om tradisjon for brødbaking i Noreg.

Ho fortalde at bakaromnar vart brukt her i landet for nesten tusen år sidan. Frå 1800 talet og heilt til i 1950-åra var bakaromnen vanleg i hushaldet.

Men det er ikkje bare i Noreg bakaromnar var vanlege. På Cuba hadde ho etter lita stund oppdaga mange, noko som var ukjent for guiden. Til og med på flyplassen i Chicago hadde dei fått inn ein slik omn.

Ho kom med gode råd for bygging og bruk av bakaromnar, og heile tida kombinerte ho det ho sa med å vise oss bilete. Me fekk sjå mange ulike omnar, interiør og bygningar før og etter restaurering og innimellom bilete av flotte, nysteikte brød.

Else Rønnevig er utruleg kreativ og ei som står på for å halde tradisjonar i hevd. Ho ser mogelegheit der andre ser skrot, og ho avslutta kåseriet med bilete frå ei hytte i Valdres, Bjørkestølen, som ho nettopp har fått bygd oppatt. Sjølvsagt var bakaromnen med, og frå denne hytta såg ho føre seg kor populært det ville bli med heimebakt brød til dei vegfarande.

Det var moro å møte eit menneske som var så engasjert og som har fått gjennomført så mykje av det ho har tenkt.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS