FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Julemøtet i Mållaget 2011

 (07.12.2011)

Det tradisjonelle julemøtet i Mållaget samla også denne gongen mykje folk, og det var fleire som fekk beskjed om at det var fullt, sjølv om dei hadde meldt seg på innan fristen.


Som tidlegare var det Olav Molland som stod for middagen med pinnekjøt og aprikosdessert, og som vanleg smaka det utruleg godt.

Noko nytt denne gongen hadde Borghild Løver funne på: Ho hadde kjøpt eit fint juletre som ho rakk å pynte ein halvtime før gjestene kom. Etter den gode julematen var det difor berre å "hive" seg ut på golvet for å starte gangen rundt juletreet.

Sjølvsagt var det berre nynorske songar som vart brukt. Borghild hadde med seg Bente Åsheim på fele og Olaf Moen med harpeleik for å akkompagnere til songen då me sat ved bordet. Dei tre var også gode å ha som føresongarar rundt treet. Flott å vere i BUL-salen under denne fyrste delen av programmet, der det er god plass til både middagsbord og juletregang.

Før kaffi og småkaker i Mållagsstova heldt Gunvor Lande eit tankevekkjande kåseri om språk. Ho kalla det: Språk - utan kryss og B. Erfaringar og refleksjonar.
Oppveksten hennar var prega av mange ulike dialekter. Ho vart født i Hallingdal og voks opp på Vestlandet. Språkinteressa har fylgd henne frå ho var liten.



Born har ofte lett for å skifte mellom ulike språk eller dialektar. Ho viste til barnebarn som har flytt mykje rundt. Dei snakka fransk med kameratar då dei budde i Frankrike, men norsk heime. Dei har eit språk inni seg som dei ikkje alltid bruker, men som ligg der. Ein stor rikdom! Slik er det også for dei som er innvandrarar i Noreg! Men borna er kanskje redde for å vise det, vil ikkje skilje seg ut, men snakke slik som kameratane.

Ho viste også til ei ung estisk jente som omsette Luther til estisk. På spørsmål om kvifor ho gjorde det, fekk ho til svar at dei som skulle ha gjort det, var døde. Identitetskjensla og det å gjere noko for det estiske språket og landet var drivkrafta til den unge jenta. Det kom også fram at ho meinte mor hennar ikkje kunne noko språk, men ho forstod finsk godt, litt svensk, litt tysk og kunne også russisk godt!

På ei reise i Palestina var ho forviten på korleis israelarar og palestinarar såg på språka til kvarandre, men nesten ingen av dei ho intervjua ville uttale seg om dette. Ho kom med eit hjartesukk under kåseriet: Tenk om innbyggjarane kunne ha hatt språkopplæring i dei andre sitt språk!

Siste post på programmet var song og musikk med Bente, Borghild og Olaf. Det var variert og underhaldande, noko ein kom i god stemning av.

Dei fortalte litt om det dei framførte, og det gjer det heile meir interessant. Mellom anna sa Olaf at han skulle synge ein julesong som ein gong var forboden: Fra fjord og fjære. Det var fordi at folk ikkje skulle sitje i kyrkja og synge om "armods hytte og hvermanns gård"!!

Kvelden vart avslutta på tradisjonelt vis med at alle reiste seg og song fyrste og siste vers av Fagert er landet

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS