FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nordahl Grieg på Sørlandet

 (17.01.2012)

Tysdag 17. januar fekk me ei interessant utgreiing av Jostein Andreassen om Nordahl Grieg på Sørlandet. At diktet Til ungdommen vart skrive i Ny Hellesund var ei heilt ny opplysing for mange av oss.

Det var biografien til Edvard Hoem om Nordahl Grieg i 1989 som gjorde Jostein Andreassen svært nyfiken på å få vite meir om opphaldet på Sørlandet. Kor i Høvåg t.d. hadde Grieg budd? Jostein Andreassen gjekk straks i gang med å prøve å finne ut meir om opphaldet, og han hadde hellet med seg.

Han fekk tilfeldig kontakt med ein familie i Høvåg og intervjua ei dame på 90 år frå denne familien. Ho fortalte mykje om då Grieg var på Kvanneid pensjonat i 1929, same huset som Wilhelm Krag og Gabriel Scott hadde budd i tidlegare.

Det var i Høvåg han skreiv diktsamlinga: "Norge i våre hjerter" i 1929, og her finn vi diktet "Sykkelstyret", direkte inspirert av ein gut og ei jente som akkurat hadde begynt å vise interesse for kvarandre. Grieg var mykje ute og gjekk, og det var på ein av turane såg han desse to.

Seinare fekk Grieg tilbod om å vere i Bua i Ny Hellesund, og hit kom han att år etter år. Her skreiv han i 1936 diktet "Til ungdommen". På denne tida var Trond Hegna leiar i Studentersamfunnet, og mange studentar var høgreorienterte med NS-sympåtiar. Hegna ville ha motvekt og han vende seg til Nordahl Grieg og bad om eit samlande dikt for venstresida. Diktet vart skrive på kort tid og framført fyrste gongen av skodespelar Gerd Egede Nissen.

Det var også i Ny-Hellesund han skreiv dramaet "Nederlaget" frå Pariserkommunen i 1871-72, utg i 1937.

Jostein Andreassen gav i 1992 ut "Nordahl Grieg på Sørlandet - et studiehefte om forfatterskap og miljø" , og dette heftet kan lånast på biblioteket.

"Til ungdommen" vart med hendinga 22.7.2011 svært aktuelt. Etter kaffipausen starta me difor opp med å syngje dette diktet medan Marin Stallemo Bakke akkompagnerte på fele.

Det var Marin som stod for det musikalske innslaget denne kvelden, og ho imponerte stort. Ho går i 2.klasse på Vågsbygd vidaregåande skule på musikklina, og ho handterar både vanleg fele og hardingfele svært overbevisande.

Vi lytta til nydelege musikkstykke av Rolf Løvland og Jules Massenet på vanleg fele og fengjande lydarslåttar på hardingfele: "Budeian på Vikafjellet" og "Tjønneblomen". Stykka ho spelte på vanleg fele var Song from a Secret Garden av Løvland og Meditasjon frå Thais av Massenet.

Marin er nyvald leiar i Agder Målungdom, og me ynskjer henne lukke til vidare både med musikken og målarbeidet!


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS