FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Ny heidersmedlem i Mållaget

 (22.02.2012)

Anne Austad vart utnemnd til heidersmedlem på årsmøtet 21. februar. Olav Molland heldt ein fin tale for henne før diplom og blomar vart delt ut.
Ho har vore aktiv i laget sidan 1993 då ho vart vald inn i styret. Ho har i fleire periodar vore leiar og har såleis bak seg samanhangande 19 år med trufast arbeid for målsaka og Mållaget i Kristiansand.

I tillegg har ho vore med i styret for Vest Agder Mållag og medlem av satsinga på Agder. Fleire gonger har ho vore utsending til landsmøte i Noregs Mållag.

Det er språket Anne er oppteken av og ser som hovudoppgåva til Mållaget. Forretningsdrifta er nok mindre interessant, tykkjer ho, men samtidig naudsynt for at det skal verte pengar til målarbeidet. Ho er svært glad i Mållagsstova og oppteken av at me skal ta vare på denne med det som er av inventar og kunst.

Som styremedlem og leiar har ho alltid teke ansvar, og ein kjenner det trygt at ho også dette året sa ja til å stille som leiar.

Sjå elles årsmøtesaker under "Om oss"

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS