FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Humørfylt lagsmøte 20. mars

 (21.03.2012)

Temaet denne tysdagskvelden var: "Amerikaniseringa av kulturen er å sjå i hus og språk". Stipendiat Siv Ringdal heldt eit inspirerande foredrag om Listakulturen for 40-50 tilhøyrarar.
Etter kaffipausen fylte Lista trekkspelklubb Mållagsstova med fengande dansemusikk, i starten amerikanskinspirerte tonar før dei drog til med ulik gammeldansmusikk slik me kjenner det frå Bondeungdomslaget.

Omslagsbiletet frå boka til Siv Ringdal Det amerikanske Lista. Med 110 volt i huset (2002) kom fram på lerretet samstundes med at ho starta å fortelje litt om seg sjølv.
Bestefar hennar var født i USA og ho åt amerikansk turkey som liten der oppskrifta kom frå oldemora. Som barn og ungdom hadde ho rekna det som heilt naturleg at kameratane hadde amerikanske namn som Sherley, Clifford eller Glenn og at dei brukte amerikanske ord på daglegdagse omgrep.

Men då ho kom til Oslo og sa ho skulle berre leggje frå seg pakkane i trunken, undrast venene frå andre stader i landet kva ho meinte. Dette var med og gjorde henne merksam på det spesielle ved Listamålet og kulturen, noko som inspirerte henne til å forske vidare på dette.

No held ho på med eit doktorgradsarbeid om dei ugifte kvinnene som drog frå Agder til New York i perioden 1946 til 1965.

Det var ein flott presentasjon ho gav. Bileta på lerretet viste oss t.d. amerikanskinspirerte hus og inventar på Lista, og m.a. fekk me sjå både norsk og amerikansk stikkontakt på same veggen, altså 110 volts uttak. Det gav status å ha ein amerikanskprega heim, og i mange tilfelle var det også rimelegare å gjere innkjøp der borte. Det kunne vere fleire tonn tunge flyttelass dei kom med når dei hadde bestemt seg for å bu i Noreg att.

I tillegg til boka frå 2002, gav ho i 2007 ut boka Lapskaus
Boulevard, og ho brukte også bilete frå denne i foredraget sitt. Lapskaus Boulevard var namnet på ei gate i Brooklyn der det budde svært mange nordmenn og der ein kunne kjøpe både lapskaus og kjøttkaker!

Det er sjeldan ein får oppleve så god framføring av eit foredrag. Listadialekten hennar gjorde det ho sa svært levande og i tillegg til kunnskapsmengda ho hadde om emnet, brukte ho passe mange bilete for å gjere det endå klårare!














Etter kaffien stilte 10 medlemer frå Lista Trekkspelklubb stilte opp i raude skjorter med trekkspel, toradarar, fele, vaskebrett og kontrabass. Leiaren, Hans Olav Stangborli frå Fjotland, hadde ein lun og triveleg måte å få oss endå meir i stemning på.
Dei starta med litt amerikanskinspirert musikk, m.a. "Love me tender", "Oh, when the saints", før dei gjekk over til andre takter der me kunne ha svinga oss til rheinlender, masurka, trippar og vals om plassen hadde tillete det!

Mykje dialekt frå vest i Vest-Agder å høyre denne kvelden, og det er ikkje så ofte i Kristiansand! Svært moro!


Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS