FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Haustprogram 2012

 (13.05.2012)

Språket er i fokus på lagsmøta i september og november, og det er lokale krefter me har fått som foredragshaldarar: Martin Skjekkeland og Jan Hognestad, båe frå UiA. Til sammøtet med BUL i oktober kjem Arnhild Skre for å snakke om Hulda Garborg.

Lyrikkveldane byrjar kl. 18.30 og er opne for alle, både medlemer og ikkje-medlemer.

Lagsmøta er sjølvsagt òg opne, med eitt unntak; julemøtet, som berre er for medlemer (og til nett det møtet er det påmelding).

Alle som er interesserte i dei sakene eller programma Mållaget har, er hjarteleg velkomne!

August
Tysdag 28. Lyrikk

September
Tysdag 04. Styremøte
Tysdag 11. Lyrikk
Tysdag 18. Lagsmøte kl. 19.00: Nynorsk i det norske språksamfunnet med Martin Skjekkeland
Tysdag 25. Lyrikk

Oktober
Tysdag 02. Styremøte
Tysdag 09. Lyrikk
Onsdag 17. Sammøte Mållaget/BUL kl. 19.30: Arnhild Skre med Hulda Garborg-program
Tysdag 23. Lyrikk

November
Tysdag 06. Styremøte og lyrikk
Tysdag 13. Lagsmøte kl. 19.00: Musikken i språket. Utviklinga av tonale trekk i norske talemål, med døme frå dialektar på Agder med Jan Hognestad
Tysdag 20. Lyrikk
Tysdag 27. Styremøte

Desember
Tysdag 04. Lyrikk
Tysdag 11. Julemøte (medlemsmøte) kl.19.00: Juletradisjonar frå eldre tid med Sturla Ertzeid

© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS