FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Kransnedleggjing ved Jørgen Løvlands byste i Wergelandsparken

 (18.05.2012)

Bjug Åkre, styremedlem i Mållaget i Kristiansand, la ned krans ved bysta til Jørgen Løvland 17. mai. På ekte Vallemål heldt han ein framifrå tale der han peika på ulike sider hos Jørgen Løvland og fekk svært godt fram kor stor og mangslungen kar dette var.

Me trur talen vil interessere fleire enn dei som høyrde på 17. mai, og han kan difor lesast her på heimesida vår.

17. mai-tale 2012.
Kransnedleggjing ved Jørgen Løvlands byste i Wergelandsparken.

Godt folk!
Me skal idag minnast og ære Jørgen Løvland. Han var ein statsmann, ein nasjonsbyggjar, den største som Agder hev fostra i nyare tid. Han fekk dei hægste politiske ombod ein nordmann kan få: Stortingsmann i tri periodar, odelstingspresident, arbeidsminister, statsminister, utanriksminister, stortingspresident, kyrkje- og undervisningsminister. Dessutan medlem av Nobelkomiteen i 25 år og var leiar i 21 år. Han var ein av dei sentrale politikarane som fekk gjennomført frigjeringi frå Sverige i 1905, utan at det vart krig mellom dei to broderfolki.

Han fekk si byste her i Wergelandsparken i 1957.

Jørgen Løvland var bondeson, fødd i Evje i 1848. Han var nok fødd med god genetisk utrustning. Nære slektningar på fars- og morssida var stortingsmenn, og noko lenger ute var han i slekt med Noregs største matematikar, Niels Henrik Abel. Han fekk eit stimulerande oppvekstmiljø på garden Lauvland som ikkje var nokon stor gard. Her måtte alle arbeide, også borni. Og dei lærde seg nøysemd. Frå 11 - 13-årsalderen måtte han gjæte buskapen i skogen og på heia der det var både bjørn og ulv. Han var uvanleg gåverik og kunnskapshungrig. Han lærde å lese lenge før han begynte på skulen som 6-åring. Han las alt han kom over og hadde eit svært godt minne og saug i seg kunnskap. Han ha med bøka i skreppa når han var i gjæsleskogen. I heimen ha dei bladi Almuevennen og Dølen som Aasmund Olavson Vinje gav ut på landsmål. Det var frå Dølen ungguten Jørgen ha ordi "Les og vex" som han skar inn i ein stokk i ei høyløe i skogen. Desse ordi vart eit motto for han. Han las om stathaldarstriden mellom Noreg og Sverige i 1859 og fekk her ein uvilje mot Sverige.

Som gutunge møtte han tvo karar som ha vore med i krigane i 1808 og 1814. Den eine fortalde om krigsfangenskap i England, den andre om krig mot Sverige. Det gav djupe og varige inntrykk å høyre korleis andre statar ha hersa med nordmennene. Han kom au i kontakt med folk som var oppglødde for landsmålet til Ivar Aasen og vart målmann alt i konfirmasjonsalderen.

Han var eit skuleljos heilt frå allmugeskulen der han gjekk ut med berre einarar. Han stod fremst på kyrkjegolvet då han vart konfirmera. Han tok lærareksamen som 17-åring etter eitt år på Holt seminar som vanlegvis tok tvo år. Han fekk seg ikkje meir formell utdaning, men lærde seg litt latin, tysk og fransk.

I 1866 fekk han lærarpost på allmueskolen i Kristiansand. Det kunne vere ein strid jobb med opptil 50 elevar i klassen. Han fekk her innsyn i mykje fattigdom og naud i arbeidarfamiliane. Han var ein dugande og omtykt lærar. Han deltok ivrig i byens sosiale liv. Han skreiv innlegg i Christianssands Stiftsavis som då var einaste avisa i byen. I 1884 han vart redaktør i den avisa. Han heldt talen for dagen i byen 17. mai 1884. På 100-årsdagen for Henrik Wergelands fødsel, fekk han æra av å avduke statuen av han her i Wergelandsparken. Så han fekk ei håg stjønne her i byen.

I Kristiansand var han med og grunnla den fyrste lærarinneskulen i landet. Her vart han kjent med Mathilde Torkildsen frå Kristiansand som han gifte seg med etter at dei ha kjent kvarandre i 11 år og vore hemmeleg forlova i 4! Dei busette seg i Østre Strandgate der Mathilde ha vakse opp. Huset brann diverre ned i bybrannen i 1892. I 1897 flutte han og familien til Kristiania der dei budde sidan.
Løvland vart styrar av den ambulerande amtskulen i Indre Nedenes, som han starta opp i Bygland i 1876 og styrde i 4 år. Amtskulane vart viktige institusjonar for bygdene og var for mange det fyrste steget på ei vidare utdaning som lærarskule eller underoffiserskule.

I 1880 gjekk han inn i politikken med Setesdalsbanen som fanesak. Det vart fortalt at han alt som 15-åring ha tenkt at det burde byggjast ein jernbane oppover dalen. Han fekk med seg vegingeniør Peter Krag som arbeidde med prosjektering av ny veg oppover langs Otra. Han vart ein glødande forkjempar for banen. Som redaktør av Christianssands Stiftsavis vart Løvland ein opinionsdannar i byen. Då han stilte til val til bystyret i 1884, kom han direkte inn i formannskapet og i skulestyret der han vart formann. Han arbeidde au med å få til jernbanesamband mellom Kristiania og Kristiansand over Kongsberg.

I 1884 vart parlamentarismen innførd i Stortinget. I 1886 vart Løvland innvald på Stortinget for Venstre. Det var eit heldig tidspunkt å kome inn på Stortinget, då vart det mogeleg for andre enn embetsmenn å kome inn i regjeringi.

For Løvland ha store visjonar for politikken sin. Han ville frigjere landet frå Sverige og lyfte landsbygda opp til jamstilling med byane og take heile landet i bruk med betring av kommunikasjonane som utbyggjing av jernbane, telefon- og telegrafsamband. Han ville au at dei menneskelege og intellektuelle resursane i landet skulle takast i bruk ved å gjere tilgangen til utdaning lettare. Landsungdom skulle få bruke sitt eige mål og verte stolte av sin eigen kultur.

Det vart mykje hard strid. Han var eit ynda objekt for karikaturteiknarane. Det brydde han seg lite om. Han stod hardt på det han meinte var rett.

I 1905 vart han norsk statsminister i Stockholm. Her fekk bondesonen frå Evje oppgåva å leie forhandlingsdelegasjonen som skulle få sanksjonera konsulatlovi som Stortinget hadde. vedteke. Han forhandla då andlet til andlet med sjølvaste kong Oscar 2. Det vart harde tak, men kongen neikta. Dermed var unionen mellom Noreg og Sverige oppløyst 7. juni 1905. Fyrst då var grunnlovsarbeidet frå 1814 i mål!

Det vart hektiske og spennande månader framover. Ville det verte krig mellom broderfolki? Løvland og Chr. Michelsen samarbeidde godt og opererte som eit tvospann under forhandlingane med Sverige i Karlstad som enda med forlik om oppløysing av unionen. Noreg vart på ny eit kongedøme med den danske prinsen Carl som kong Haakon 7.

Som Noregs fyrste utanriksminister arbeidde Løvland iherdig for å få til ein såkalla integritetsavtale med omliggjande land og stormakter. Ein integritetsavtale vil seie avtale med andre land om å avstå frå krav om landområde frå Noreg og garantere landet nøytralitet. Løvland fekk etter mykje diplomatisk arbeid til ein slik avtale med Sverige, Storbritannia, Frankrike, Tyskland og Russland.

I 1907 vart Løvland både stats- og utanriksminister, men regjeringi gjekk av alt året etter. Han vart då ein kraftfull formann i Noregs Mållag.

I 1913 kom han inn att på Stortinget. Han vart vald til stortingspresident som formelt sett er den nest hægste rangen i landet etter kongen. Ved hundreårsjubileet for grunnlovi 17. mai
1914 heldt han som stortingspresident tale på landsmål frå presidentplassen i riksforsamlingssalen i Eidsvollsbygningen. Han vart kyrkje- og undervisningsminister og gjennomførde mange reformer. Han fekk innført ny rettskriving både for riksmål og landsmål, og han revidera det offentlege namneverket i ei norskare lei slik at amt og amtmann vart til fylke og fylkesmann, stift til bispedøme. Mange fylke og bispedøme skifte namn: Nedenes amt til Aust-Agder fylke, Lister og Mandal amt til Vest-Agder fylke. Mange byar fekk au nye namn.
Han var drivkrafti bak innføringi av sidemålsstil til artium. Han var også sterkt med i debatten då lovi om landsgymnas vart vedteki, og fleire landsgymnas vart vedtekne eller kom i drift i hans tid som kyrkjeminister.

Han gjekk ut av politikken i 1920. Han ha havt diabetes dei siste 8 åri og kreftene minka. Han døydde 74 år gåmål i heimen i Kristiania i 1922. Same året vart insulinet teke i bruk, men det var for seint til at Løvland kunne få nytte av det. Han vart gravlagd på statens kostnad i Vår Frelsers gravlund.

Noregs Mållag starta ein innsamlingsaksjon for å reise ein minnestein. Riksmålsfolk og landsmålsfolk stod side om side bak oppropet. Bysta vart avduka i Vår Frelsers gravlund 7. juni året etter at han døydde.

Hermed hev eg den ære og glede av å leggje ned ein krans ved Jørgen Løvlands byste som takk for alt han gjorde for landet vårt - og som teikn på at han enno ikkje er gløymd!


TAKK TIL ALLE SOM MØTTE FRAM!

© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS