FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Arnhild Skre med kåseri om Hulda Garborg

 (19.10.2012)

Lagsmøtet i Mållaget var denne gongen i samarbeid med BUL, og møtet vart halde i BUL-salen.
For nærare 40 tilhøyrarar heldt Arnhild Skre eit engasjerande foredrag om Hulda Garborg.

Boka hennar: Hulda Garborg Nasjonal strateg fekk ho Brageprisen for i fjor haust. Ho gav oss eit godt bilete av livet til Karen Hulda Bergersen, født i 1862 på ein storgard på Stange i Hedmark. Men ekteskapet fungerte ikkje, og faren kasta mora saman med veslebarnet Hulda ut.

Det å vere skilsmissebarn i 1860-åra var vanskeleg, men borgarskapet i byen tok vare på "nedkomlingane", og Hulda vart frå ho var lita invitert med på teater- og sirkusframsyningar.

Dei fleste tenkjer på Hulda Garborg i samband med bunader og songdans, men Arnhild Skre peikte på at me ikkje må gløyme journalisten og forfattaren som etterkvart gav ut mange bøker og skodespel. Det er også henne me kan takke for at me har Det Norske Teateret.

Frå Hulda var lita, hadde ho vist stor interesse for å spele teater iog drive med andre ablegøyer, men det var fyrst på Gløersens Pikeskole at ho kjende seg sett. Denne skulen vart eit svært viktig grunnlag for henne, og heldigvis starta Gløersen pikeskolen akkurat det året ho begynte på skulen.

Hulda hadde også hellet med seg då ho som 17-åring skulle finne seg arbeid i Kristiania. Ho vart tilsett som butikkjomfru hos Mikkel Dobloug, eigar av ei forretning der dei selde reine, norske flagg. Han tok dei tilsette med til Kristiania Arbeidersamfund, og ho kom dermed inn i ein gjeng med radikale, dyktige folk. Dei hadde mykje kontakt med utlandet og meinte det særeigne norske måtte dyrkast. Her møtte ho Arne Garborg som ho beundra sterkt. Ho begynte på Maalskulen i 1885 og fekk snart inn artiklar i ulike aviser.

Men klikken rundt Arne Garborg og Hulda kjende seg svært vonbrotne over venstreregjeringa og Sverdrup som dei hadde støtta i arbeidet for parlamentarismen. Dei meinte at regjeringa var altfor mykje styrt av pietiskiske sør-vestlendingar. Dei kjende seg ikkje heime i Oslo lenger og flytte til Østerdalen i desember 1887, og der vart sonen fødd i mai året etter.

Det vart etterkvart vanskeleg å greie seg i snø og kulde i Østerdalen, og løysinga vart difor turar til utlandet om vinteren: Tyskland og Italia. I Tyskland omsette ho Hauptmann-skodespelet til norsk, og etter ein vinter i Roma debuterte ho i 1892 med romanen Et frit Forhold.

Alt då Hulda Garborg begynte å arbeide med teater på 1890-talet, skal ho ha kome på tanken om å gjenopplive songdansen. Ho fekk fortalt at songdansen framleis var levande på Færøyane. For å lære dansen skikkeleg, må ho sjå han sjølv. Det er utruleg sterkt gjort av ei kvinne i 1902 å dra av garde med eit lasteskip frå Bergen for å lære Færøydans. Ho skreiv heim til Arne Garborg om den flotte dansen ho såg. Gamle karfolk blei som ungdomar der dei sleppte seg laus!

På Færøyane studerte ho også folkedraktene, og det same gjorde ho året etter på Island. Skulle ein danse, måtte ein ha noko laust og ledig, ikkje stramme kjolar med snøreliv som var på mote. Sjølv hadde ho fått sydd si fyrste drakt basert på Hallingdrakter: Huldadrakta, og denne brukte ho alltid i dansen.
Ho svært motebevisst, og på byturar kledde ho seg svært stilig
i moterett drakt, hatt og veske, aldri bunad.

Etter kåseriet kom det spørsmål om Hulda og tilhøvet til nynorsken. "Ikkje heilt bra", fortalde Arnhild Skre. Hulda hadde sjølv prøvd å lære seg å skrive nynorsk, men greidde det ikkje. Garborg var alltid konsulenten hennar. I gjengen til Arne og Hulda Garborg, var det ikkje kamp mellom nynorsk og riksmål. Dei kunne skifte og skrive på båe språka. Etter Noregs Mållag vart skipa i 1906, vart avstanden stor, og ho var uven med det konservative Mållaget heile sitt liv.

Leikleiaren, Miriam Korsmo, hadde trykt opp dansevisa: Aka på isen håle etter færøysk dansemåte og tonsetting. Dessutan hadde ho funne fram fleire songdansar som Hulda Garborg har laga dansemåten til: Bukkedans, Å kjøre vatn, Fram dansar ein haugkall, Trolldans og På Vossevangen.




Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS