FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Nynorsk i det norske språksamfunnet

 (18.10.2012)

Martin Skjekkeland heldt eit interessant foredrag i Mållagsstova tysdag 18. september om nynorsken i det norske språksamfunnet.
Han starta med å peike på at viktige drivkrefter hos Ivar Aasen for eit norsk skriftspråk, var det å kunne fremje eigne saker på eige mål - og dessutan vere stolt av målet sitt.
Vidare gjekk han gjennom viktige drag i utviklinga av nynorsken. Han kom inn på jamstellingsvedtaket i 1885, og ikkje minst kampsituasjonen i tida føre Noregs Mållag vart stifta i 1906 og Riksmålsforbundet året etter.

I 1943-44 var det 34 % av elevane i folkeskulen som nytta nynorsk. Det var stor motstand mot nynorsk og folkeleg/radikalt nynorsk i byane på austlandet, og "Foreldreaksjonen mot samnorsk" vart organisert av Riksmålsforbundet i 1951.

Til slutt tok han føre seg korleis det står til med nynorsken i dag. Talet på nynorskbrukarar har gått ned i prosent, men talet på dei som skriv nynorsk er like høgt som for fleire tiår sidan. Det er også svært positivt at avislesarar og fjernsynssjåarar ikkje ser noko sært eller negativt med nynorsken. Fordommane var større før, meinte han, og for dei fleste er nynorsken blitt noko sjølvsagt.

Men, heldt han fram til slutt, litt vemodig: "Han kom til sine eigne, men hans eigne tok ikkje i mot han". Trass ein god del positivt med nynorsken, er det ein realitet at mange som burde kjenne nynorsk som sitt eige språk, både ut frå dialekt og kulturbakgrunn, ikkje brukar nynorsk.
Martin Skjekkeland har gjeve ut fleire interessante språkbøker. Den siste vart utgitt i februar 2012 og heiter: Språk og kultur Vegar inn i det norske språksamfunnet

Song og musikk denne gongen sytte visesongar og medlem av studentmållaget, Johnny Kvaale Bjerk, for. Han spelte gitar og song både eigne og bluesinspirerte viser for oss. Ei fin avslutning på kvelden!





© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS