FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Musikken i språket

 (03.12.2012)

I haust har det vore fokus på språk på lagsmøta, og 13. november var det Jan Hognestad frå UiA som heldt foredraget: Musikken i språket. Utviklinga av tonale trekk i norsk talemål, med døme frå dialektar på Agder.

Dette bygde på doktorgradsarbeidet hans frå i vår. Det er ikkje alle som tykkjer det er lett å få tak i kva som meinest med tonalitet eller tonelag, men Hognestad la det fram på ein pedagogisk bra måte slik at me iallefall forstod litt meir etter foredraget.

Med hjelp av datamaskin synte han grafar og spelte av døme på uttalen av ulike setningar og ord. Han tok vekk bokstavane slik at me berre høyrde lyden, og då høyrde me at det var litt ulik melodi i ordet etter kor i landet personen kom ifrå. Me skjønte litt meir av dei to tonelaga: dei to ulike melodiane å synge språket på!
Det går ei tonelagsgrense frå Høvåg og inn i landet mellom Åseral og Setesdalen.

Grensa mellom tale og musikk er interessant, fremheva han. Dei fleste norske dialektar har to tonale grunnverdiar, to melodiar me syng på, og dette er ulikt frå dialekt til dialekt. Berre Nord-Troms og Finnmark har eitt tonelag.
Me nordmenn har lett for å spørje kor folk kjem frå, og dette vert positivt oppfatta. Me er vant til å høyre på tonefallet, og kan dermed til ein viss grad lokalisere ulike dialektar.

Det var interessant å høyre at i norrøn tid var det ikkje ulike tonelag. Det endrar seg over tid, fortalde han. Han hadde nyleg gjort ei samanlikning av Stavangermålet no og gamle radioopptak der svært gamle folk snakka. Tonelaget hadde endra seg i løpet av ca 100 år, kunne han slå fast.

Etter å ha høyrt om musikken i språket, heldt Marin Augusta Stallemo Bakke fram med å spele fele. Ho hadde innleia møtet med flott felespel, fyrst eit klassisk stykke på vanleg fele og så ein slått på hardingfela.
Ho avslutta lagsmøtet med tre stykke klassisk musikk og heilt til sist Fanitullen på hardingfela.
Marin Augusta har spelt mange gonger for oss i Mållaget, og det er moro å høyre kor godt ho gjer det!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS