FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Julemøte i Mållaget 2012

 (16.12.2012)

Julefest
Også dette året var det eit vellukka julearrangement i Mållaget. Som tidlegare, var det Olav Molland som var meisterkokken og stod for ein nydeleg pinnekjøtmiddag med heimelaga aprikosdessert etterpå.

Dette året var julekåseriet ved Sturla Ertzeid, og det vart halden under middagen i BUL-salen. Minne og juleskikkar frå hans eigen barndom og frå andre stader på Agder framførte han på ein stillferdig, men samstundes morosam og engasjerande måte!

Han hugsa attende til då han som seksåring var med mor på juleinnkjøp i byen. Dei reiste med båt frå Ny Hellesund til Kristiansand, og han hadde med seg 1 kr for å kjøpe sigar til faren!
Han saug inn alt han opplevde frå dei ulike stadane dei var innom, og hugsa godt då han fekk att kronestykket som han hadde tvihalde på, men som hadde dotte ned mellom nokre sprinklar utanfor eit hus.
Til jul skulle dei også støype talglys. Feittet kjem frå innvollane av kyr eller sau og luktar fælt, hugsa han. Særleg ille var talgkluten som han måtte gå med på brystet for ikkje å blli forkjøla. "For en lidelse!" som han sa.
Redsle var noko som høyrde førjulstida til i "gamle" dagar. Særleg i indre bygder ottast dei "Deildegasten" som gjekk på markene og hylte. Ein kross på døra ville berge dei, og ein skulle halde seg innadørs. Men gjekk ein ut, og reia med "Deildegasten" kom, var det berre å leggje seg ned med armane ut så ein likna på ein kross.

Etter kåseri og dessert, var det tid for å gå rundt juletreet. Borghild Løver hadde i år som i fjor ordna med tre. Svært koseleg å minnast "gamle dagar" på denne måten. Bra med musikk til, og denne var det Marius Moen og Olaf Moen som stod for, medan Borghild var føresongar både ved bordet og rundt juletreet.

Det var som vanleg kaffi og kake i Mållagsstova, og under kaffien tok Leiv Storesletten ordet og fortalde om ein juleskikk frå Voss som hadde halde seg frå førkristen tid heilt fram til då bestefar til kona hans levde. Han kunne hugsa at ingen låg i sengene julenatta då han var liten, men på golvet der det var strødd halm. Kvifor det var slik, var det ingen som heilt visste. Det var nok Åsgardsreia dei ottast, trudde professor i folkeminnevitenskap, Ola Bø, då han vert gjort kjend med dette. Morosamt med slike innslag!

Heilt til slutt kunne me glede oss over vakre viser, gamle julesongar og slåttar frå den ungdommelege trioen som hadde vore med oss under middagen: Marius Moen på hardingfele, Olaf Moen med harpeleik og song, og Borghild Løver med song.

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS