FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Agderforfattar i Mållaget tysdag 22.1.2013

 (23.01.2013)

Det var eit svært interessant møte med forfattaren Gunstein Bakke frå Grendi i Setesdal. Han fortalde om seg sjølv og forfattarskapet på ein oversiktleg og god måte. Det var dei siste bøkene han las frå, og tekstene gjorde sterkt inntrykk. Han har gjeve ut både romanar og diktsamlingar, og opplesinga var frå : Maud og Aud. Ein roman om trafikk (2011) og diktsamlinga Murskueteknikkane (2012).

Skrivekunstakademiet i 1994 gjorde at han tok til å sysle med tanken om å bli forfattar. Kontoret (2000) var fyrste romanen. Fem år seinare kom Den indre olding, og båe desse romanane er på bokmål.
Han hadde nynorsk på skulen, men i bokhylla heime var det mange svært gode bøker på bokmål. Desse slukte han og tenkte ikkje så mykje over målforma.
Det er noko befriande ved å skrive på eit anna språk enn det ein talar til vanleg, meinte han. Det er meir nøytralt, og har ikkje dei same føringane. Ein har då også eit utvida ordtilfang. Når nokon klagar over å ha to skriftmål i landet, er han langt frå einig. Ein kunne gjerne hatt tre, kommenterte han.

Så bestemte han seg for å skrive på nynorsk, og han kjente at språket høvde til det han ville skrive om. Tanken om at trafikken eigentleg styrer liva våre, hadde vore der lenge. Ei bilulukke i Rogaland i 1981 hadde kverna i bakhovudet, og denne ulykka er det konkrete utgangspunktet i boka: Maud og Aud. Ein roman om trafikk.

Han ville skrive ein roman der trafikken var hovudpersonen og han kunne kome med generelle betraktningar om trafikk. Det er såleis ikkje berre ein roman med ei handling der ein blar om for å "sjå korleis det går", men forfattaren kjem med tankar om livet som tvingar ein til å stoppe opp.
Vegingeniøren Jon Berre ligg i koma på sjukehuset, og forfattaren tek oss med inn i tankane til ingeniøren der notida og fortida går over i kvarandre. Dette har han gjort på ein måte som gjer sterkt inntrykk. Mykje i boka vert ubehageleg, for bil og gode vegar må ein ha!

Diktboka Murskueteknikkane måtte berre skrivast på nynorsk, sa han, for her er svært mykje knytt til barndomen. Det at faren fekk kreft og låg på det siste heime på garden gjorde eit sterkt inntrykk, og mange minner frå han var liten dukka opp etterkvart som han arbeidde med dikta. Også her tenkjer han seg heilt inn i livet til dei eller det han skriv om.
Landeskogen sanatorium låg like ved heimstaden hans, og pasientane sat og "kura" og visste ikkje om dei nokon gong kom derifrå. I diktet om hesjing er det ståltråden som fortel kva han kjenner.

Det var eit spennande møte med ein svært kunnskapsrik og dyktig forfattar. Han hadde med seg nokre av bøkene som han har gjeve ut, og det var straks mange som flokka seg rundt bordet for å sjå i dei og kjøpe.







Etter kaffipausen vart me denne gongen kjent med syskenparet Astrid og Olve Johannessen. Dei er båe elevar ved Søgne kulturskule og båe ungdomsskuleelevar. Moro å få besøk av ungdommar i Mållaget og kanskje komande musikarar!
Dei spelte nokre stykke kvar for seg og nokre saman. Dei avslutta saman med ein velklingande låt frå Shetland.



Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS