FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 16. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

7. trinn på Hånes har nynorsk på timeplanen

 (29.01.2013)

For fjerde år på rad har Mållaget lånt ut bøker til Hånes. Her møter ein positive lærarar som tykkjer det er greitt å leggje spesiell vekt på nynorsk nokre veker i vårhalvåret, og elevar som verkar interesserte i bøkene.

 

 

Også dette året er det ei blanding av biletbøker og bøker med mykje tekst i me har lånt ut. Nynorsk er elles ikkje ukjent for elevane her då skulebiblioteket har mange bøker på nynorsk.

Etter ei bok er lese ferdig, skriv elevane bokmeldingar og dei prøver å nytte nynorsk. Mange er ivrige på skrivinga, og dei fleste gjer det på datamaskin. Lærarane har laga eit skjema som elevane bruker når dei skriv. Der noterer dei forfattar, tittel, hovudperson, litt om handlinga og korleis dei likar boka.

Elevane sit i eit stort landskap og les, og eindel ser ut til å konsentrere godt seg sjølv om ein "fotograf" går rundt og knipsar.


Roald Dahls: Georgs magiske medisin er grei å lese på nynorsk, og lett - særleg når ein kjenner innhaldet frå før, meiner denne eleven som nett er ferdig med boka.


Elles ser det ut til at mange av elevane er vande med å lese eindel, og nokre har lånt bøker med mykje nynorsktekst frå biblioteket.
Fleire kommenterte at det går heilt fint å lese nynorsk, sjølv om det kan vere ord som ein ikkje forstår med ein gong. Drakeguten t.d. av Asbjørn Rydland på 399 sider, går svært greitt fordi det er eit spennande innhald!


Biletbøker er gøy. Her har eleven funne ei diktbok av Finn Øglænd som har både fine illustrasjonar og morosame vers.

Koseputa-bøkene som er omsette frå svensk, slår godt an. I desse bøkene er det mykje humor, og vi fylgjer hovudpersonen frå han går i barnehage i fyrste boka til han ender på gamleheimen i den siste.
Elles vart det nemnt at bøkene om Bæ og Bø og Prikk og Flekk er bra. Ballongmamma er også morosam, men litt rar, meinte ein! Tjuven av Rune Belsvik var nok "spennande" lesing for fleire. Det er ei nokså realistisk bok der forfattaren skildrar hendingar i kvardagen til ein tiåring, og han er svært konkret der han skildrar barneseksualitet.

Blodrik og blodfabrikken som denne jenta les, er ei bok med mykje blod. Hovudpersonen har blodtype Rhesus Eksplosiv og må tappast kvar dag av Myggen for å ikkje eksplodere! Fleire tykkjer det blir i det meste laget med blod, men det er ei flott bok å bla i og fin bok om venskap.

Bøkene vart presentert for fjorten dagar sidan, og elevane har såleis lese ei god stund nå. Når leseperioden er over, blir det trekking av bokpremie.
Vi i Mållaget i Kristiansand vonar at 7. klassingane etter ein slik leseperiode har fått auga opp for god nynorsk litteratur og at det er moro å kunne litt nynorsk!

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS