FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Litteraturkveld med Kjartan Fløgstad 12. mars 2013

 (13.03.2013)

Mållaget i Kristiansand har denne våren vore så heldig å få Kjartan Fløgstad hit til lagsmøtet i mars. Kvelden vart opna med songar av BUL-koret og kort innleiing ved Åsmund Olaf Undhjem.

Fløgstad starta med å peike på eit godt nyhende for målfolk: Det har aldri vorte utgitt så mykje nynorsk skjønnlitteratur som etter år 2000 sjølv om den almenne språksituasjonen ikkje har gått i favør av nynorsken. Fleire forfattarar har faktisk skifta frå bokmål til nynorsk. Kanskje dette språket er eit betre uttrykkmiddel og meir elegant?

Oppveksten hans på industristaden Sauda har betydd mykje for forfattarskapen.
Han blei godt kjend med miljøet på og rundt smelteverket Electric Furnace Products Company, og fekk arbeidserfaring som industriarbeidar i sommarferiar og i periodar elles i ungdommen.

Som ungdom var han også til sjøs. Han mønstra av i Montevideo, kom til Buenos Aires og reiste så nordover til Mexico. Denne reisa la grunnlaget for ei interesse for latin-amerikansk folkeliv og litteratur som har halde seg gjennom heile livet.

Etter gymnaset reiste Fløgstad til Trondheim for å studere til arkitekt. «Det var slik i Sauda på den tida at var du ein gut med ein god artium, så skulle du bli ingeniør,» fortalde Fløgstad. «Eg kjende på at eg hadde litt kunstnar i meg, og då blei arkitekturstudiet eit slags kompromiss.» Men det var eit feilslag, og han gjekk over til å studere litteratur og språk i Bergen og Oslo. Eigentleg var det forfattar han studerte til, sa Fløgstad. «Og slik var det for fleire av oss som skreiv på den tida. Vi brukte Statens Lånekasse for studerende ungdom for å utdanne oss til forfattarar. Eksamen slengde vi gjennom som best vi kunne, det viktige var innsikta studiene gav oss og tida vi fekk til å skrive.»

Etter å ha begynt som lyrikar på 1960-talet, gjekk han etter kvart over til å skrive mest prosa. Denne overgangen var sterkt motivert av møte med kjende latinamerikanske forfattarar som Julio Cortázar, Jorge Luis Borges og Gabriel Garcia Márquez. Ikkje minst den magiske realismen i latinamerikansk litteratur blei ei stor inspirasjonskjelde for Fløgstad.
Den frodige forteljekunsten som pregar denne, fann han igjen i sin eigen bakgrunn , i industriarbeidarmiljøet i Sauda, og han såg at erfaringane frå heimemiljøet kunne brukast i forteljingar inspirert av den internasjonale magiske realismen.

I vendinga mot prosaen blei novellesamlinga «Fangliner» (1972) og romanen «Rasmus» (1974) – som begge skildrar industriarbeidarar og sjøfolk – viktige utgjevingar. Den siste fekk han ikkje særleg god kritikk for, og kanskje nettopp derfor har han alltid kjent på ein særleg godhug for den boka.

Gjennombrotet kom med romanen «Dalen Portland» (1977), som han fekk Nordisk Råds Litteraturpris for. I samband med den utgjevinga vart han invitert til fleire akademiske samlingar for å snakke om boka. Dei kloke litteraturvitarane frå universiteta tykte boka var svært god, men vanskeleg, og kom med utsegn som: «Når vi som har litteraturforsking og teksttolking som hovudyrke, synest at dette er vanskeleg å lese, kva må ikkje då vanlege lesarar synest?». Fløgstad refererte så frå eit intervju i eit fagforeiningsblad med klubbformannen ved smelteverket i Sauda, Odd Grøthe. Han blei spurd kva han meinte om romanen. Jau, han hadde lese boka – men at det skulle vere stor kunst, kunne han ikkje skjøne. «Dalen Portland» fortalde jo berre om det som alle kjente til og visste om på førehand....

I 1980 kom romanen «Fyr og flamme», eitt av dei mest sentrale verka i forfattarskapen. For Fløgstad er det også ei viktig bok, kanskje den han er aller mest nøgd med. "Dersom eg skulle ta med meg ei av bøkene mine til ei aude øy, måtte det nok bli den", sa han.

Utover på 1990-talet begynte Fløgstad å kjenne på at den litterære kjelda frå ungdommens industriarbeidarmiljø var oppbrukt. Men så, under researcharbeidet til sakprosaboka «Hotell Tropical» (2003), der han reiste jorda rundt og skreiv om staselege gamle hotell i tropane, blei han mint på at smelteverket i Sauda var ein del av det store multinasjonale industrikonsernet Union Carbide Corporation, UCC, som mellom anna hadde ein kjemisk fabrikk i Bhopal i India. Her var selskapet ansvarleg for den verste industrikatastrofen i historia, eit giftgassutslepp i 1984. Det er berekna at kanskje så mange som 16.000 menneske har døydd av dette giftutsleppet. Selskapet har aldri tatt ansvar for denne katastrofen, sa Fløgstad.

Interessa for UCC og den multinasjonale industrien førte fram til romanen «Grand Manila» (2006), som i tillegg til å ein tur innom nettopp Bhopal også skildrar industriarbeidarmiljøet i Sauda, og det Fløgstad karakteriserte som «Union Carbide-land i West Virginia». Denne romanen er den tredje boka i det som er blitt ein slags industri-trilogi: «Dalen Portland», «Fyr og flamme» og «Grand Manila». «Høyr på rytmen i titlane, den er faktisk den same i alle tre. Det høyrer eg nå etterpå,» sa Fløgstad.

I 2009 kom den store romanen «Grense Jakobselv», som fortel om det Fløgstad kalla «sivilisasjonssamanbrotet» i Tyskland under nazismen. «I arbeidet med den boka prøvde eg å leggje til sides den viltre og burleske skrivestilen eg har i mange av dei andre romanane, og vere heilt tørr og sakleg,» sa Fløgstad. «Eg syntest stoffet kravde det».

Til slutt las Fløgstad opp eit vakkert og poetisk avsnitt frå den siste romanen sin, «Nordaustpassasjen» (2012), før det blei opna for spørsmål og kommentarar frå salen.

Utruleg bra stemning - noko som skuldast både forfattaren og BUL-koret. I tillegg til songane koret framførte, fekk dei også publikum med på kanon.

Slikt samarbeid mellom Mållaget og BUL må det bli meir av, var kommentarar ein høyrde etterpå. Akustikken i BUL-salen er svært god, så det vart ei fin oppleving for alle.

Svein Slettan. Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS