FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

7. klassingane på Skarpengland klare for nynorsk

 (14.04.2013)

Då eg stilte opp på skulen om morgonen fredag 12. april, vart eg svært godt motteken av både lærar og elevar! Som vanleg hadde eg med eit godt utval av nynorskbøker, mest skjønnlitteratur, men også fagbøker og biletbøker. Eg starta med å presentere "Eg var der - Historier vi ikkje må gløyme", ei bok av Gudrun Pausevang omsett frå tysk til nynorsk.

Boka inneheld sterke historier frå tilhøva i Tyskland under 2. verdskrig. Vi får kjennskap til vanlege tyskarar og deira strev i kvardagen, men også korleis Hitlers propaganda fekk dei til å lukke augene for situasjonen til jødane.

Eg hadde med mange fleire bøker enn eg presenterte, og då eg hadde gått nærare inn på 10-15 eksemplar,
fekk elevane ein liten luftepause før dei kom inn og valde seg bok.

 

 

 

Medan dei gjekk rundt og bladde i bøkene, var både lærar og assistent i høg grad til stades og samtalte med dei.


 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Det verka som lesegleda i klassen var stor,og fleire bestemte seg raskt for kva dei ville gå igang med.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
Eg høyrde ei jente kommentere at det var mykje betre å setje seg med ei bok enn å sjå fjernsyn!


Læraren hadde tidlegare lese nokre bøker på nynorsk, og elevane var vel førebudde på mykje nynorsklesing framover. Som klassestyraren også nemnde, er det lurt å ha litt erfaring med nynorsk før dei tek til på ungdomsskulen neste år.


Det er også det vi i Mållaget trur at di før og di meir nynorsk elevane får tidleg i skulen, di lettare vil det vere seinare.
 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS