FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 13. NOVEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Kvinner er ikkje som menn

 (24.04.2013)

Gunhild Hagestad, seniorprofessor i sosiologi, heldt eit interessant foredrag om skilnaden mellom kvinner og menn sett frå samfunnsperspektiv til individnivå. Tankar om hans og hennar vaksenliv i eit nytt hundreår var undertittelen.

 

Me er alle påverka av samfunnet og tida me er født inn i, og historia viser ulike mønster for aldring hos kvinner og menn. Som me veit, er levealderen svært ulik kringom i verda. Noko interessant ho peika på, er at når livsstilsjukdomane avløyser smittesjukdomane, aukar levealderen. Smittesjukdomane råkar kvinner og barn, medan menn døyr raskare av t.d. hjarteinfarkt og kreft.

På 80-talet var skilnaden i levealder mellom kvinner og menn i Noreg 8 år, medan det no er ca halvparten. Kvinnene begynner dermed å "betale" for røykinga dei etterkvart tok til med! Japan er landet med høgast levealder. I Aust-Europa er det dramatisk tilbakegang i fleire land. Helsesystemet i Russland har rakna, og dette har ført til skilnad i levealder på 12 år mellom kvinner og menn, medan Middelhavslanda og Island har høg levealder og 3 års skilnad.

På sjukeheimar er det mest bare kvinner over 80 år no. Menn har ofte sprekare ektefelle til å ta seg av dei, og dei døyr tidlegare. Ho undrast difor kvifor kvinnene ofte gifte seg med eldre menn! I medisinsk forsking har det vore testa flest menn, men dette er annleis no. Sjukdomane ter seg på ulike vis hos dei ulike kjønna.

Utdanning har hatt svært mykje å seie for kvinnene. Det var på 50-talet at jentene begynte å ta utdanning. Etterkvart kom det barnehagar, fødselspermisjon, sjølvbestemt abort/prevensjon og no "fedreperm" som dreg mennene inn i omsorg for barnet. Om mennene vil bli like omsorgsfulle søner som døtrene var når mora/foreldra trong hjelp, står att å sjå.

Til slutt kom ho inn på om alder har ulik meining for menn og kvinner. Ein kan ofte høyre at menn vert stilegare når håner grånar, medan kvinnene er utgått på dato! Det er likevel menn her i Vest-Europa som snakkar om aldersdiskriminering, aldri diskriminering p.g.a. kjønn!

Denne gongen var den musikalske delen trekkspel med Arne Rislaa. Han spelte medan folk kom inn, og han var dessutan spelemann og forsongar til allsongen. Folk bladde ivrig i Alvestads songbok, og det kom forslag frå litt tyngre, men flotte songar som "Målet hennar mor" til mykje lettare slik som "Kjerringa med staven". Alle songane var sjølvsagt på nynorsk. Stemninga var god, og jamen vart det ein ny medem denne kvelden også!

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS