FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

Lagsmøte med Ottar Grepstad tysdag 8. oktober

 (10.10.2013)

I samband med at Nynorskstafetten kom til Kristiansand denne dagen, var lagsmøte i Mållaget om kvelden siste post på programmet for dagen.

Me var så heldige å ha fått Ottar Grepstad, forfattar og direktør for Nynorsk kultursentrum i Ørsta, til å kome hit og halde foredrag. Tittelen på foredraget var: "Språksansen - ei forteljing om nynorsk og all verdas språk". Det var ei svært kunnskapsrik og interessant språkreise han tok oss med på.

Han opna med fotografi frå Syria, ikkje frå krigen denne gongen som han presiserte. I Syria hadde dei alt på 1300-talet f.Kr. utvikla ei alfabetisk skrift som er grunnlaget for skriftspråket vårt.

Det var dette alfabetet som fønikarane la til grunn for alfabetet deira på 22 bokstavar, og som grekarane frå 700-talet f.Kr. utvikla vidare ved å ta vokalane i bruk. Då vart skrifta tilgjengeleg og kunne brukast av mange. Tidlegare var skrifta berre for dei få skriftkunnige, og det var slik det skulle vere.

Han kom også inn på at det er skriftspråket som er ei oppfinning, ikkje talespråket. Sjølv om nynorsk er eit lite språk i verdssamanheng, så er det ikkje blant dei truga språka. Det er eit nasjonalspråk med ein rik og brei skriftkultur.

Grepstad har det siste året gjeve ut to bøker som er vel verd å lese: Historia om Ivar Aasen og Språksansen.Kalender om all verdas språk. Båe bøkene er gjeve ut på Samlaget

Grepstad var hovudattraksjonen denne kvelden, men sidan det var markering av Nynorskstafetten i Kristiansand, var Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, også til stades. Han hadde eit innlegg om opplegget og reisa i Aasens fotspor, og han framheva kor interessant det hadde vore på skulebesøka i Kristiansand same dagen, der han var på Møvig ungdomsskole, KKG vgs og på Karuss ungdomsskole. Midt på dagen var det stand på UiA saman med studentmållaget.

På KKG vgs hadde han møtt svært engasjerte elevar. Desse elevane møtte også fram i Mållaget om kvelden saman med den utruleg dyktige og inspirerande læraren deira, Vibeke Lauritsen.

Alt i alt ein svært triveleg kveld, ikkje minst takka vere det musikalske innslaget ved Pål Rake, ung musikklærar ved UiA.

Han spelte piano og song med stor innleving både eigne songar og tekster laga av andre. Han er ein dyktig musikar som både dei unge og eldre såg ut til å setje stor pris på.

 

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS