FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 17. SEPTEMBER 2019

Framside Program Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 Nynorsk for alle på Agder Om oss Kontakt oss

Studentane som vart tvangssende til Tyskland

 (08.11.2013)

 Til lagsmøtet i Mållaget denne gongen kom pensjonert tannlege Vigleik Frigstad og fortalde om studentane i Oslo som vart arresterte i slutten av november 1943, altså 70 år sidan i desse dagar. Han vart sjølv interessert i emnet gjennom Torkel Masvie, skuletannlegsjef i Kristiansand frå 1955 til 1980, og foredraget bygde på eit intervju med Masvie i 2004.

Dette er ei noko ukjent historie for fleire av oss, men foredragshaldaren sat inne med mykje kunnskap og gav oss eit godt inntrykk av kva som skjedde frå studentane vart arresterte til dei kom heim i mai 1945.

Påskotet for arrestasjonen av dei 11-1200 studentane den 30. november, var at dei hadde tent fyr på podiet i Aulaen, og dei skulle difor sendast til Tyskland. Den eigentlege grunnen var motstandsarbeid, t.d. trykking og distribuering av illegale aviser. Konflikten toppa seg utetter hausten då dei norske nasjonalsosialistiske styremaktene gav NS-medlemer fortrinnsrett til å kome inn på dei lukka tannlege-og medisinstudia.

Det var likevel berre ca halvparten av dei arresterte studentane som vart sende til Tyskland, og det var gjerne dei høge og lyse studentane som vart tekne ut. Svært mange kom heldigvis tilbake til Noreg i mai-45. Fleire studentar, m.a. Torkel Masvie, vart sende til Sennheim i Elsass. Dette var ein SS-leir der fangane vart indoktrinert i nasjonalsosialismen for å kunne ta over styringa av Noreg saman med tyskarane når krigen var vunnen. Dei fekk difor litt meir mat og vart ikkje utsett for så hardt arbeid som mange andre fangar, men det var sjølvsagt ei tøff tid både for dei og familien deira. Marsjen fra Sennheim då krigen nærma seg slutten var krevjande og svært risikabel med stadig bombeåtak frå dei allierte.

Under foredraget fekk me utdelt eit kart over Tyskland der dei aktuelle fangeleirane var teikna inn, noko som var til god hjelp for å sjå stadane føre seg. På baksida av arket var det litteraturliste og faktaark om Torkel Masvie og om tysklandsstudentane - svært bra når ein lurer på om ein hugsar rett. 

Det er tydeleg at historier frå krigen set minne og kjensler i sving. Det var difor svært interessant då fleire i salen tok ordet og fortalde om sine minne. Syskena Ragnhild og Vidar Toreid frå Bygland i Setesdal fortalde at far deira hadde studert medisin i Oslo og var blant dei arresterte. Dei kjende att mykje av det Vigleik Frigstad var innom i foredraget sitt. Faren hadde greidd å kome seg gjennom fangenskapet på ein tilsynelatande brukbar måte, og Ragnhild nemnde at han faktisk hadde fortalt dei historier frå Tysklandstida som godnatt-forteljingar då dei var små.

Betten Engebretsen fortalde om faren som var los og som nekta å lose den tyske kryssaren "Karlsruhe" inn til Kristiansand natt til 9. april 1940. Faren vart arrestert og ført heilt ned i botnen av skipet. Men sidan skipet vart skada av kanon frå Odderøya, la det til land i Marvika, og faren fekk hjelp av ein kjenning der. Han blanda seg med soldatane og kom seg uskadd heim til Flekkerøy der kone og sju born venta. Dagen etter vart "Karlsruhe" senka av engelsmennene på veg ut fjorden!

Endå ei anna historie vart teken fram. Det var Bjug Åkre som fortalde om faren som var lærar i Valle i Setesdal under krigen. Han var blant dei som nekta å melde seg inn i Noregs Lærarsamband på vårparten i 1942. Far til Bjug vart arrestert og sendt saman med fleire hundre andre til Kirkenes. Bjug hugsar kor annleis alt vart den sommaren. Mor hans sat igjen med tre gutar, der han var den eldste, og det var uråd å drive garden slik som då faren var heime. Men heldigvis kom faren att utpå hausten, og han fekk lærarjobben igjen. Det hadde ikkje nytta å tvinge lærarane til fylgje nazistiske ordre!

Etter alle desse minna frå krigen avslutta me kvelden med å synge Nordahl Griegs dikt: "Til ungdommen" som vart svært aktuell igjen for berre eit par år sidan

Solveig Lima
© Noregs Mållag 2019 - Sidene laga av Zetta AS