FRAMSIDA|MELD DEG INN|KALENDER|KONTAKT| 27. DESEMBER 2020
Mållaget i Kristiansand
Gyldensløves gate 11
4611 Kristiansand
E-post: maalkrs @ online.no

Framside Arkiv 2007 2008 2009 2010 2011 2012 2013 2014 2015 2016 2017 2018 2019 2020

"Best å vera budd"

 (11.12.2013)

Det var den nye fana til skyttarlaget i Steinkjer som fekk denne setninga brodert i gulltråd på slutten av 1800-talet. Fredrikke Marie Qvam hadde spurt Ivar Aasen til råds om ide til eit godt slagord for skyttarlagsfana på heimstaden hennar.

I eit interessant foredrag i Mållaget 3. desember gav Bjørg Seland oss eit godt inntrykk av to sterke kvinner på 1800-talet: Aasta Hansteen og Fredrikke Marie Qvam. Bjørg Seland, professor i historie ved UiA, sit inne med mykje kunnskap om tilhøva på den tida, så dette temaet vart ei fin avslutning på det tradisjonelle julemøtet vårt.  

Mange hadde møtt fram sjølv om julefesten var utan pinnekjøt denne gongen, men ein nydeleg juletallerken frå Studenten Catering var eit godt alternativ. Nynorske julesongar høyrer med. Med Borghild Løver som forsangar, Marius Monrad på hardingfele og juletreet i bakgrunnen kjente me julestemninga. Aldersspennet var stort, frå Borgar på 4 månader til fleire gjester i åttiåra.

Bjørg Seland heldt foredraget under middagen, og ho fekk godt fram korleis båe desse to kvinnene stod på og arbeidde for både målsak og kvinnesak. Aasta Hansteen hadde ein far som sytte for at ho fekk god utdaning slik at ho kunne livnære seg som portrettmålar. Ho talte mot "hankjønnstyranniet" og gav seg ikkje sjølv om ho vart hundsa med. I teaterstykket, Tante Ulrikke av Gunnar Heiberg, er det ho som er modellen. Aasta Hansteen var svært oppteken av landsmålet, skreiv sjølv dikt og omsette Henrik Wergeland til landsmål. Hennar handlingar laga ei slags opning for å ta opp kvinnesaka.

Fredrikke Marie Qvam vart født ca 20 år etter Aasta Hansteen, og ho gifte ganske ung med huslæraren, Ole Anton Qvam. Dei busette seg på ein storgard ved Steinkjer og fekk fem born, men fleire døydde som små, trulegvis av tæring. Sonen Olav døydde då han var 25 år, også han av tæring, og etter dette tok ho for alvor til å engasjere seg i samfunnet. Ho stifta Norske Kvinners Sanitetsforening og arbeidde sterkt for røysterett til kvinnene. Mannen hennar var på Stortinget og dermed mykje borte, men dette gjorde at ho ofte besøkte han og dermed kunne drive korridorpolitikk. "Korridorens dronning" vart ho kalla, og ho fekk levert framlegg til røysterett for kvinner til dei fire tingmennene frå Agder. Det var på Oslo-besøka at ho trefte Ivar Aasen og ville ha eit skikkelg fyndord til fana. Skyttarlaga på den tida dreiv med skytetrening slik at dei kunne drive krig mot Sverige om det vart naudsynt.

Denne gongen hadde me i tillegg til juletregang også boksal. Bøker frå kjellaren vart tekne opp slik at folk fekk høve til å få med seg heim ei bok for ein billeg penge.

Borghild og Marius gav oss til slutt ei triveleg avlutning på kvelden med song og spel, juletonar og fleire slåttar frå Telemark.

Solvieg Lima
© Noregs Mållag 2020 - Sidene laga av Zetta AS